Home
New phds

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny doktorgrad

Modell berekner spreiing av lakselus

Ingrid A. Johnsen disputerer 17. mars 2016 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: ”Dispersal of salmon lice (Lepeophtheirus salmonis) in Norwegian fjords”.

Main content

Veksten i oppdrettsnæringa har gjeve 1000 gonger meir laks i norske fjordar. Auken har vore fordelaktig for lakselusa, som er heilt avhengig av å feste seg på ein laks for å overleve, og det er observert alvorlig store mengder lakselus på vill laksefisk (laks, sjøaure og røye).

I dei tidlige livsstadia driv lakselusa fritt i vassmassane og ventar på å drive forbi ein laksefisk. Dersom lakselusa klarer å finne ein vertsfisk å feste seg til i løpet av 10–20 dagar, vil ho vekse opp. Viss lusa ikkje finn ein vertsfisk, døyr ho av svolt. Lakselusa har avgrensa svømmekapasitet, og transporten av lakselus i desse tidlige stadia er difor heilt avhengig av rørslene i vassmassane.

Motivasjonen i denne ph.d.-graden har vore å få betre kunnskap om korleis lakselus i tidlige stadium spreier seg frå oppdrettsanlegg. Drifta av lakselus i fjordane er berekna med ein reknemodell som kan simulere sirkulasjonen i sjøen.

Modellen bereknar at lakselusa vert transportert fleire titals kilometer frå oppdrettsanlegget der den kan setje seg på både vill- og oppdrettsfisk. Norske fjordar har generelt god sirkulasjon som effektivt transporterer lakselusa bort frå oppdrettsanlegga, og dei fleste anlegga opplever større smitte frå naboanlegg (eksternsmitte) enn frå seg sjølv (eigensmitte). Modellen som er nytta i dette ph.d.-arbeidet kan berekne transporten av lakselus mellom anlegg. Det betyr at modellen er nyttig når ein skal vurdere kva som er best rekkefølgje for avlusing av oppdrettsanlegg i eit fjordsystem; slik at smitten etter avlusinga vert så liten som mogleg.

Sjølv om lakselus har avgrensa svømmekapasitet, har dei evne til å plassere seg vertikalt i vassøyla. I fjordane vil både temperatur og straum som regel vere annleis på 5 eller 10 meters djup enn i overflata. Ved å svømme opp eller ned vil lusa kunne påverke både si temperaturstyrte utvikling og den horisontal transporten.

Me veit at lakselus svømmer opp mot overflatelyset, og for det meste oppheldt seg nær overflata. Ved bruk av teknologi som hindrar oppdrettsfisken frå å svømme i dei øvre meterane, kan oppdrettsanlegga redusere påslag av lakselus betrakteleg. Modellen bereknar at slik teknologi vil gje ulik reduksjon i lusesmitte på ulike lokalitetar, men i snitt vil ein oppnå 62 prosent mindre lus på oppdrettsfisk ved å hindre fisken frå å svømme i dei øvre 5 meterane.

Personalia:

Ingrid A. Johnsen er født i 1985, vaks opp i Skånevik i Sunnhordland. Ho tok master i fysisk oseanografi ved Universitetet i Bergen i 2011, og har vore tilsett som stipendiat på Havforskingsinstituttet i Bergen sidan 2012.