Stipend for norske studentar til sommarskular i Russland 2016
Har du lyst til å studere i Russland til sommaren? SIU tilbyd stipend til norske studentar ved utvalde sommarskular ved russiske universitet. Stipendet dekkjer skulepengar og bukostnader.
Main content
Har du lyst til å studere i Russland til sommaren?
SIU tilbyd stipend til norske studentar ved utvalde sommarskular ved russiske universitet. Stipendet dekkjer skulepengar og bukostnader.
Det er tilbod både om russisk språk og litteratur og ulike kurs innan samfunnsfag, humaniora, økonomi og realfag ved utvalde studiestader i Moskva, St. Petersburg, Tomsk, Petrozavodsk, Jekaterinburg, Nizhnij Novgorod og Arkhangelsk. Blant tilboda er t.d. opp til ti studieplassar ved Higher School of Economics, ein av Russlands leiande institusjonar.
Søknadsfrist for stipend frå SIU er 31. mai 2016. Fristen for å søkje plass ved sommarskulane varierer.
For meir informasjon, sjå http://www.studeriutlandet.no/Hvordan-finansiere/Stipender/Russland/Stipend-til-sommerskoler-i-Russland-2016