Home
Department of Comparative Politics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ledige seminarleiarstillingar

Bli seminarleiar i samfunnsvitskapleg metode

Vi søkjer no seminarleiarar for vårsemesteret 2025. Søknadsfristen er 1. desember!

Undervisning
Vi treng fleire dyktige seminarleiarar. Søk no!
Photo:
Emil Weatherhead Breistein

Main content

Våren 2025 startar vi opp to nye metodeemne: MET103 «Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode» og MET104 «Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode».

Som seminarleiar i MET103 og MET104 får du faglege og pedagogiske utfordringar samstundes som du repeterer viktig metodepensum, noko som kjem vel med i utdanninga. I tillegg er dette godt løna, relevant arbeidserfaring.


Arbeidsoppgåver

Seminarleiaren har gjennom semesteret ansvar for 7 seminarmøte á to timar, per seminargruppe dei leiar.  Typisk leiar kvar seminarleiar to grupper. I tillegg vil studentane levere to obligatoriske oppgåver som du skal vurdere og kommentere. Du vil òg delta aktivt i jamlege planleggingsmøte med faglærar og emneansvarleg for repetisjon av pensum, samt planlegging og samkøyring av undervisinga.


Kvalifikasjonar

Søkjarar tekne opp til masterprogram i anten sosiologi, gov eller sampol prioriterast, men vi er også open for studentar på bachelornivå som har tatt MET102 tidlegare og ferdig utdanna studentar som treng ei deltidsstilling.

Til våren søkjer vi hovudsakeleg seminarleiarar til MET103, men det er også behov for enkelte på MET104.


Løn og gode

Arbeidet er løna med statens lønssteg 35 for studentar på bachelor- og masternivå.

Send søknadsbrev, CV,  karakterutskrift og eventuelle attestar e.l. (slått saman til éi pdf-fil) til emneansvarleg.

Vennlegast skriv kva emne du søkjer til og kor mange grupper du ønskjer å leie.

Om du søkjer MET104, skriv kva statistikkprogram du har kjennskap til: R, Stata eller begge.