Korleis blir det engelske språket endra av si eiga leiande rolle i verda? Alle meiner noko om «Amerika», men kva kan amerikansk litteratur og popkultur fortelje oss om nasjonen sine eigne oppfatningar av seg sjølv? Og klarer filmatiseringar av Shakespeare sine skodespel å seie noko nytt om desse klassikarane?
Fagkoordinatorar
Sjå oversikt over fagkoordinatorar her.
Studie- og eksamenskonsulent
Eleni Kontodima Solstad
Det er vanskeleg å unngå det engelske språket i det globale mediebildet. Engelsk er nytta overalt, men ikkje alle kan bruke språket godt nok, eller har nok kunnskap om engelskspråkleg litteratur og kultur. Spesialkompetanse på desse felta krev ei god forståing av historie og kulturelle strukturar, og vil gi store fordelar i det globale informasjonssamfunnet vi alle er ein del av.
Engelskstudiet vil gi deg god innsikt i det engelske språket og i engelskspråkleg litteratur og kultur. Du vil lære om grunnleggande språklege forhold med omsyn til engelsk grammatikk og uttale, og få ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. Gjennom tolking av ulike tekstar, vil du også få kunnskap om sambandet mellom litteratur og samfunnstilhøve, både i USA og Storbritannia. Gode engelskkunnskapar er etterspurde stort sett over alt i privat og offentleg sektor.
Forskning ved seksjonen inkluderer ei rekke område innan språk, litteratur og kultur. Mens enkelte for eksempel forskar på kvardagsspråket frå eit sosiolingvistisk perspektiv, har andre sett på korleis verka til William Shakespeare har blitt illustrerte gjennom århundra eller på korleis amerikansk-meksikansk litteratur grip fatt i minne og historie.
- Årsstudium i engelsk
- Bachelorprogram i engelsk
- Masterprogram i engelsk
- Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk)
- Ph.d. i engelsk