Erfaringar frå kinesisk-studiet
Marion, som er tidlegare kinesisk-student ved UiB, har valt å fortsetta utdanninga si i Skottland. Vi har spurt om ho kan fortelje litt om sine erfaringar med å studere kinesisk, og om kva som inspirerte ho til å ta vidare utdanning i utlandet.
Hovedinnhold
For meg har det alltid vore naturleg å ta utdanning. Far min er professor, og i dei åtte åra me budde på Taiwan, budde me på universitets-campus. Alle rundt meg hadde enten doktorgrad eller var på veg til å få det. I tillegg på den internasjonale skulen hadde dei fleste foreldre doktorgrad, både mødre og fedre. Difor tenkte eg aldri over om eg skulle ta utdanning eller ikkje. Det var berre naturleg, utan press eller spørsmål. Verre var det å velja kva eg skulle studera. Eg ville nemleg studera alt! Til slutt valte eg kinesisk, dels fordi eg ville friska det eg kunne frå før av opp igjen, og dels fordi det virka kjekt.
Kinesisk er eit aktuelt språk, og kan difor brukast til så mangt på sida av andre kvalifikasjonar. Sjølv har eg valt å kombinera språket med samanliknande politikk, men det kan like så godt brukast saman med handels- og finansstudiar.
Å læra seg eit nytt språk krev mykje disiplin. Språk er sjeldant intuitivt eller logisk, slik som matte kan vera. Gramatiske regler og verbbøying krev pugging, ein del lesing og mykje skriving. I tillegg er kinesisk så forskjellig frå norsk at du ikkje kan gjette deg til kva ord betyr. Difor er det viktig å bruka ein del tid på å læra nye ord, forma setninger og øva på å skriva. Sjølv brukte eg mykje tid på å pugga koss eg skulle skriva teikn, og skreiv mange, mange, mange øve-setninger. Vidare prøvte eg å høyra på kinesiske songar eller TV for å verta vane med uttalen. Høyrer du språket lenge nok, kjem den grammatiske rekkjefylgja inn naturleg. I tillegg vil eg jo sjølvsagt anbefala å bruka litt tid i kinesisk-språklege land og berre ta initiativ til å prata med folk!
Når det gjeld å skriva bacheloroppgåva di, så vil eg berre anbefala deg å byrja så tidleg som mogleg! Likevel er det jo òg slik at alle har forskjellige skrivestilar. Eg veit sjølv at eg treng mykje tid på meg til å samla all data og empiri. I tillegg plar eg skriva fleire utkast. Andre greier å skriva eit ferdig utkast på ei veke. Difor er det viktig å vera obs på koss du arbeider, og spesielt då kva metode du har for å skriva lange oppgåver. Sjølv byrja eg med bacheloroppgåva i januar, og vart ferdig med endeleg utkast i midten av mars. Etterpå hadde eg ein heil månad til overs til å berre lesa til eksamen, medan andre i klassen stressa over begge. For meg var det viktig å ha ro i skjela til å lesa til eksamen, og å vita at eg hadde gjort så god jobb som eg kunne med oppgåva mi.
Såleis vil eg anbefala alle å tenkja over kva dei vil skriva tidleg, finna og sanka empiri raskt, og skriva eit ferdig utkast til fyrste innlevering. På den måten får du òg betre tilbakemelding.
Etter eg var ferdig med bachelorgraden, valte eg å verta praktikant ved Den norske ambassaden i Beijing. Dels fordi eg ville øva på kinesisken, og dels fordi eg er interessert i politikk og internasjonale relasjonar. For meg var praktikantopphaldet veldig interessant, på godt og vondt. Eg fekk sjå ikkje berre korleis UD jobbar bak kulissane, og kva diplomati inneber, men òg læra meir om koss den kinesiske staten takler og reagerer på aktuelle sakar. Dersom du òg lurar på om du vil jobba i UD eller i Kina, kan eit praktikantopphald vera til god nytte for å gje deg ein 'smakbit'. For min del lærte eg at det ikkje var noko for meg, men til gjengjeld inspirerte det meg til å heller satsa på masterutdanning i internasjonale relasjonar.
Kombinasjonen kinesisk og Kina-kunnskap med internasjonale relasjonar eller politikk er veldig aktuell. Kina er på godt og vondt ein stat i vekst, og det er stort behov for folk som kan forstå seg både på landet, men òg setta det inn i ein større samanheng. Sjølv har eg tenkt å ta fleire valfag i Kina-studiar, blant anna om kinesisk miljø- og utanrikspolitikk. Her kjem spesielt kulturkunnskapen min til gode! Det same gjeld nok dersom du studerer noko anna i kombinasjon med kinesisk språk ved UiB.
Jo betre du kan språket, jo meir kan du forstå deg på kulturen. Og desto betre du forstår deg på kulturen, desto betre sjanse er det for å få ein interessant jobb i feltet!
Eg er ikkje den einaste i kullet mitt som har valt å ta mastergraden i Storbritannia, men eg er kanskje den einaste som valte Skottland. Det er mange fordelar med å ta ein grad i utlandet, blant anna at det berre tek eit år, og at universiteta der er meir fleksible når det gjeld inntakskrav. Eg hadde bachelorgrad i kinesisk, og ekstrapoeng i politikk, og kom inn på fleire masterstudiar i politikk. Likeins er det enklare å koma inn på finans- eller businessstudiar med språkbakgrunn. Det hadde vore vanskelegare å gjort det i Noreg. Dersom du er interessert i å kombinera språk- og kulturbakgrunn frå Kina med eit anna felt, så kan eg definitivt anbefala å kikka på skular i utlandet!