
Kor mange skriftteikn må ein lære seg for å kunne lese kinesiske aviser? Stemmer det at kinesiske ord har eigne tonar? Lærer kinesiske born engelsk på skolen? Er det moderne Kina eit kapitalistisk samfunn? Korleis er forholdet mellom Kina og Nord-Korea?
Fagkoordinator: Huiwen (Helen) Zhang
Studieveileder: Peder Lippert Fuglevik
Eksamenskonsulent: Turid Daae
Det siste tiåret les vi stadig om Kina i norske medium. Ofte er vinklinga systemkritisk, med fokus på manglande organisasjons- og ytringsfridom. Det er likevel få kommentatorar som kjenner Kina frå innsida og kan kinesisk språk.
Eit studium i kinesisk vil opne portane til verdas mest folkerike nasjon, ein av dei eldste og rikaste sivilisasjonar som finst. Mykje av studiet er dedikert teoretisk og praktisk opplæring i det offisielle kinesiske språket, mandarin. I tillegg vil du få kunnskapar om den historiske utviklinga i Kina, og dessutan samfunnsmessige og kulturelle forhold.