Meir standardisering – færre konfliktar
Utval foreslår tiltak for å gjere erstatningssaker ved personskader mindre kostbare, konfliktfulle og tidkrevjande.
Hovedinnhold
– Gjeldande regelverk for personskadeerstatning kan vere komplisert og ofte avhengig av skjønn, seier professor ved Det juridiske fakultet, Bjarte Askeland.
Han har leia eit utval nedsett av regjeringa for å utarbeide reglar som standardiserer utmålinga av erstatningssummar ved personskader. Denne veka leverte utvalet si utreiing til justisministeren.
Når ulukka er ute
Personskader oppstår på mange ulike område i livet, både på arbeid og i fritida. Det kan vere snakk om alt frå trafikkskade, feilbehandling i helsevesenet og legemiddelskade, til skade som følgje av vald eller anna straffbar handling.
– Når "uskuldige" personar blir påført skade, har ein krav på økonomisk oppgjer, forklarar Askeland. Ein kan til dømes krevje erstatning for reduserte inntekter, pleieutgifter eller for tapt livsutfalding.
Føremålet er å gje skadelidande full erstatning, det vil seie at han eller ho økonomisk sett skal stillast i same posisjon som om ulykka ikkje hadde skjedd. Erstatningsutbetalingar i personskadesaker kan variere frå 5 000 til over 11 000 000, som Høgsterett tilkjende i Bråtane-saka frå 2002.
Konfliktar ved bruk av skjønn
Krav om erstatning kan stilast mot ein personleg skadevoldar, skadevoldars arbeidsgjevar eller eit ansvarleg forsikringsselskap. I dag blir det utmåla erstatning ved personskader på dei fleste område, slik at skadelidande får dekkja sitt individuelle tap.
– Mange av dei konfliktane som oppstår i personskadeoppgjer har samanheng med skjønnsmessige vurderingar, og det kan nokre gonger vere stor ueinigheit om sjølve erstatningsutmålinga. Med det nye systemet som blir forslått, vil skadelidande og andre lettare kunne forutseie utfallet av erstatningsoppgjeret, seier Askeland.
– Hovudoppgåva til utvalet har vore å standardisere reglane for utmåling. Ei slik standardisering vil gje ein meir einsarta utmålingspraksis frå sak til sak og kan føre til raskare oppgjer i ein del saker. Dermed vil ein også redusere moglegheitene for konflikt i slike saker, seier han.
Erstatningsbeløp med utgangspunkt i folketrygda
Alle skadelidande innafor ei avgrensa gruppe vil få same standardiserte erstatningsbeløp. Utvalet foreslår blant anna at erstatning for tap av framtidig arbeidsinntekt skal avgjerast ut frå tabellar basert på den skadelidande sin alder og inntektsnivå då skaden skjedde.
Askeland forklarar at utrekninga av erstatning generelt skal knytast til folketrygda si grunnbeløp (G). Utvalet har foreslått eit "tak" på erstatninga for arbeidsinntekt, slik at den maksimalt blir rekna ut frå ei brutto årsinntekt på 19 G, ca. 1,5 millionar kroner.
– Utvalet foreslår også ein minimumserstatning for tap av arbeidsinntekt som vil vere aktuell for dei fleste skadelidne som har slikt tap. Denne blir rekna ut frå ei brutto årsløn på 5 G, ca. 395 000 kroner. Vilkår for å få ei slik erstatning er at skadelidande hadde tilknyting til utdanning eller arbeid då skaden skjedde, legg han til.
– Når barn blir skadde, blir det annleis, seier Askeland. Vi foreslår at barn får erstatning for tapt arbeidsinntekt basert på at barnet utan skaden ville ha tent 6 G per år, noko som tilsvarar rundt 475 000 i året.
Størstedelen av erstatninga blir utmåla først når barnet har blitt vaksen, fordi inntektstapet då kan bereknast med større sikkerheit for riktig resultat. Utvalet foreslår samstundes at aldersgrensa for barneerstatning blir heva frå16 til 19 år.
Smerte og varige men
Utvalet føreslår også å innføre ein heilt ny erstatningspost i norsk rett, nemleg "smerteerstatning", etter modell av dansk rett.
– Meininga er at erstatninga skal kompensere for at skadelidande blir midlertidig påført sjukdom eller betydeleg smerte, som til dømes ved matforgifting, eller ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukter, fortel Askeland.
Smerteerstatninga utvalet foreslår er standardisert til 7 promille av G (555 kroner) for kvar av dei første sju dagane og deretter 2,5 promille av G (198 kroner) per dag. Den samla erstatningsutbetalinga for smerte har ei øvre grense på 1 G (ca. 79 000 kroner).
Utvalet går dessutan inn for å vidareføre dagens standardiserte reglar om erstatning for tap av livsutfalding, men slik at fem prosent medisinsk invaliditet skal være tilstrekkeleg for erstatning, medan det i dag blir kravd opp mot 15 prosent.
– Dette vil til dømes innebere at varige skader i fingrane som skadelidande i dag må tåle utan nokon som helst kompensasjon, etter forslaget skal kunne utløyse erstatning, seier Askeland.
Ny kvardag
– Forslaget til ny standardisert personskadeerstatning vil få konsekvensar for alle forsikringar som byggjer på erstatningsreglane, seier Askeland. Dersom forslaget blir følgt opp, kan det bli ein ny kvardag både for advokatar, forsikringsbransjen og kundar.