Avhandlingsprosjekt: MOTSEGN. Kommunalt sjølvstyre og statleg styring. Juss og politikk.
Kva grenser set retten til kommunalt sjølvstyre for korleis staten lovleg kan kontrollere og overprøve kommunane, på område der det er kommunane som har primærkompetansen? Og korleis høver motsegnsystemet sine grenser for staten sitt handlerom til å kontrollere og overprøve med retten til kommunalt sjølvstyre? Dette er spørsmål Ph.d-student Siv Elen Årskog Vedvik stiller i sin doktorgradsavhandling. Vedvik er tilknyttet forskergruppen i forvaltningsrett.
Hovedinnhold
Bakgrunn for prosjektet
Plan- og bygningslova legg i utgangspunktet kompetansen til å vedta kommuneplanar og reguleringsplanar til kommunestyret. Når planforslag er ute til høyring, har likevel statlege og regionale sektororgan som er «berørt» av planen høve til å kome med motsegn, dersom forslaget reiser spørsmål som er av «nasjonal eller vesentlig regional betydning». Dersom det blir fremja ei slik motsegn, er konsekvensen at kompetansen til å gjere endeleg planvedtak blir flytta frå kommunestyret til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Den maktoverføringa som skjer frå kommune til stat i desse sakene, er opphav til mange konfliktar; både om dei konkrete sakene og om forholdet mellom kommune og stat i planlegging generelt. Frå staten si side blir det gjerne hevda at kommunane er for dårlege til å verne om felles nasjonale interesser som til dømes natur og miljø, og at det derfor ofte er nødvendig med motsegn, medan kommunane på si side gjerne hevdar at staten blandar seg i fleire saker enn det lova sine vilkår opnar for, og at systemet dessutan gir staten så mykje makt at det er eit brot med retten til kommunalt sjølvstyre. Dei mange konfliktane systemet reiser, og den aldri døyande debatten om i kva grad omsynet til kommunalt sjølvstyre blir godt nok ivareteke, gir grunn til å sjå nærare på dei rettslege sidene ved både motsegnsystemet og forholdet til retten til kommunalt sjølvstyre.
Problemstillingar
To overordna problemstillingar er utgangspunkt for vurderingane i avhandlingsprosjektet: Kva grenser set retten til kommunalt sjølvstyre for korleis staten lovleg kan kontrollere og overprøve kommunane, på område der det er kommunane som har primærkompetansen? Og korleis høver motsegnsystemet sine grenser for staten sitt handlerom til å kontrollere og overprøve med retten til kommunalt sjølvstyre?
Den første problemstillinga gjer det nødvendig med tolking og forståing av overordna regelverk om kommunalt sjølvstyre, slik vi finn det i Grunnlova § 49 andre avsnitt, i kommunelova §§ 2-1 og 2-2 og i det Europeiske charteret om lokalt sjølvstyre. Både grunnlovsføresegna og kommunelova sine føresegner er vedtekne iløpet av dei siste åra, noko som gir særleg grunn til å sjå nærare på spørsmålet om kva vern denne nye reguleringa eigentleg gir kommunane.
Under den andre problemstillinga ser vi nøye på regelverket om motsegn: Kva grenser set eigentleg plan- og bygningslova for staten sitt handlerom til å kontrollere og overprøve i motsegnsakene? Er det klare rettslege grenser for staten sin kompetanse, eller er det i hovudsak eit politisk spørsmål kor «sterk» statsforvaltninga til ei kvar tid skal vere på dette området? Dei nye reglane om rett til domstolsprøving i motsegnsaker er også eit viktig tema: I kva grad kan, eller vil, domstolane kontrollere staten sine avgjerder? Kvar går grensa mellom jussen, som domstolane kan prøve, og politikken, som er forvaltninga sitt bord? Kan kommunane ha rett i at «systemet» er i strid med retten til kommunalt sjølvstyre? Eller er lova sine grenser for staten sitt handlerom til å kontrollere og overprøve innafor dei rettslege rammene, slik at eit eventuelt krav om meir sjølvstyre berre handlar om politikk?
Ei avklaring av desse spørsmåla framstår som både rettsleg nødvendig og praktisk nyttig; uansett om ein meiner det kommunale sjølvstyret har for lite eller for mykje å seie slik motsegnsystemet blir praktisert i dag.