Hjem
Forskergruppe for forvaltningsrett

Om forskargruppa i forvaltningsrett

Gruppa er leia av professor Ingunn Elise Myklebust, og er samansett av personar som arbeider med ulike forvaltningsrettslege problemstillingar. Forvaltningsrett har vore eit fagleg tyngdepunkt ved Det juridiske fakultetet i Bergen.

Hovedinnhold

Forskargruppa er først og fremst ein møteplass der viktige tankar og problemstillingar delast og kjem til nytte i individuell vitskapeleg produksjon, føredrag, formidling og undervising. Forskargruppa har ein særleg viktig funksjon i samband med rekrutteringsprosjekt, både for studentar som skriv master­oppgåver og for stipendiatar. Vi ønskjer å vere ein viktig møteplass for både våre yngre for­skarar, men også for stipendiatar frå andre fakultet i Norge og Europa, og tek gjerne i mot besøk både for kortare eller lengre opphald, men også via webinar og andre nettmøte. Gjennom dialog og sam­arbeid sikrar vi stadig ny kunnskap både for nye og etablerte forskarar.  

Saman om kunnskap og formidling

Gruppa har gjort fleire viktige arbeid saman, som i 2015, der vi skreiv ei bok saman om «Forholdsmessighetsvurderinger i forvaltningsretten», red. Karl Harald Søvig. Forskargruppa har også vore sentral både i boka «Undring og erkjennelse», Festskrift til Jan Frid­thjof Bernt, 2013, red. Karl Harald Søvig, Sigrid Eskeland Schütz og Ørnulf Rasmussen og i boka «Likestilling, barn og velferd, Retts­­­felt i utvikling», 2020, red. Sigrid Eskeland Schütz, Ragna Aarli og Henriette Sinding Aasen. Endeleg kan det nemnast at Ingunn Elise Myklebust og Karl Harald Søvig også har delteke med artiklar til artikkel­­­sam­linga «Ugyldig­het i for­valtnings­retten», 2019, red. Henriette Nilsson Tøssebro, som på den tida var knytt til UiO.