Hjem
Forskergruppe for forvaltningsrett
Intervju

Forskargruppa for forvaltningsrett har hatt besøk av Rasmus G. Nielsen

Rasmus Grønved Nielsen er lektor (associate professor) ved juridisk fakultet ved Københavns Universitet, og held til vanleg til ved CORA forskingssenter – Center for Offentlig Regulering og Administration. Frå 15. oktober til 14. november 2022 har han vore på sitt andre forskingsopphald hos forskargruppa for forvaltningsrett ved det juridiske fakultet i Bergen.

Bilete av forskargruppa for forvaltningsrett og gjesteforskar Rasmus G. Nielsen
Forskargruppa for forvaltningsrett og gjesteforskar Rasmus G. Nielsen (t.v.).
Foto/ill.:
Vårin Phillips Stubhaug

Hovedinnhold

I tillegg til at han ønskte å oppleve Bergen, var årsaka til det første besøket i 2018 at han skreiv avhandling om forvaltningskontraktar, noko Jan Fridthjof Bernt og Roald Hopsnes her ved fakultetet òg har skrive om. Når eg spør han om kvifor han ønskte å kome tilbake, peiker han på det svært gode fagmiljøet ved fakultetet og i forskargruppa, og viser mellom anna til samanfallet mellom eigne og forvaltningsrettsgruppa sine interesser. I tillegg fortel han at han blei glad i både Noreg og Bergen under det tidlegare opphaldet.

Rasmus har særleg tre interessefelt: Korleis forvaltningsretten spelar saman med formueretten, påverknaden av europeiske normer på forvaltningsretten samt forvaltningsretten i eit historisk perspektiv. Sistnemnde meiner han er særleg interessant ved at ein kan bruke historia til å stille kritiske spørsmål – er det ein gjer i notida fornuftig i eit historisk perspektiv? I avhandlinga si såg han mellom anna nærare på historiske forklaringar på oppdelinga i offentleg rett og privatrett.

På spørsmål om graden av likskap mellom norsk og dansk rett på sitt forskingsområde, peiker han på at den norske og danske forvaltningsretten historisk sett er veldig lik, og at ein heilt grovt kan seie at Castberg sette Poul Andersens forvaltningsrett inn i ein norsk kontekst. Han viser likevel til nokre interessante skilnader. Mellom anna har ein stadig reformert den norske forvaltningslova, medan dansk forvaltningsrett er meir uskriven. Det er fordelar og ulemper med begge deler.

Han fortel om eit svært godt fagleg utbytte frå forskingsopphaldet, og viser til fleire spennande arrangement, samtalar og debattar som har funne stad under besøket. Mellom anna trekk han fram lunsjsamtalen om elsparkesyklar, samt debatten om Engebøsaka, der den ferske dissensdommen frå Borgarting lagmannsrett om retten til å utnytte mineral på delar av Engebøførekomsten blei diskutert. Også seminaret 20. oktober om forvaltningsrettsleg delegering, som mellom anna tok utgangspunkt i Tarjei Ellingsen Røsvoll sitt pågåande avhandlingsarbeid, synest han var svært interessant. I tillegg trekk han fram den gode faglege diskusjonen som oppstod etter han presenterte doktoravhandlinga si om forvaltningskontraktar for forskargruppa den 7. november. 

Alt i alt understrekar Rasmus altså at han er svært godt nøgd med opphaldet, både fagleg og sosialt. Sjølv om han ikkje har noko konkret i tankane enno, håpar han på samarbeid om ulike prosjekt i framtida, deriblant å koma på besøk til Bergen igjen.

Bilete av gjesteforskar Rasmus G. Nielsen

Gjesteforskar Rasmus G. Nielsen

Foto/ill.:
Ingunn Elise Myklebust