Hjem
Forskargruppe i mellomalderfilologi
Seminar

Arven etter Halsnøy kloster: Skriftlege kjelder gjennom tidene

Ny kunnskap om skriftmiljøet ved Halsnøy kloster

Ruiner fra Halsnøy abbey
Foto/ill.:
Øyvind Gjerde

Hovedinnhold

Halsnøy kloster ligg i dag som eit sterkt vitnesbyrd om mellomalderens klosterkultur, og har også ei rik etter-reformatorisk historie som len og herregard. Berre fragmentariske restar er att etter dokument- og boksamlinga på klosteret. Over hundre fragment frå ulike typar mellomalderbøker og -tekstar er overleverte frå Sunnhordland fogderi og Hardanger og Halsnøy len, og kan ha ei kopling til klosteret: liturgiske bøker på latin frå 1100-talet og fram til reformasjonen, teologiske tekstar, norrøn litteratur, og lovtekstar med både kanonisk og innanlandsk rett. Frå tida etter reformasjonen finst andre typar tekstar som dreier seg om lensdrift og godsforvalting.

Føremålet med seminaret er å bringe fram ny kunnskap om skriftmiljøet ved Halsnøy kloster og dei konkrete materielle kjeldene som kan knytast til klosteret. Seminaret er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (ved Forskargruppe for mellomalderfilologi og Spesialsamlingane ved Universitetsbiblioteket) og Sunnhordland museum. Seminaret er støtta av Universitetsfondet.

Program

28. september: Diplom og segl
(Båt Bergen – Leirvik – Ranavik: avgong 8.10 – båtbytte 10.10 – ankomst Ranavik 10.26)
11.00-11.30: Ankomst og innlosjering

11.30-12.30: Lunsj

12.30-12.45: Linda Øen (Sunnhordland Museum): Velkommen til Sunnhordland museum

12.45-13.15: Olav Nenseter (Ullern vgs): Augustinerne på Halsnøy og i Norge
13.15-13.45: Anna Elisa Tryti (Vestland fylkeskommune): …et concilium meum est cum bibulis… Klosterdisiplin og biskoppeleg tilsyn med klostera i Bergen bispedømme.

13.45-14.15: Kaffe

14.15-14.45: Jo Rune Ugulen (Arkivverket): Halsnøys tapte arkiv
14.45-15.15: Helge Pedersen (Sunnhordland Museum): Augustinarkonventets segl
15.15-15.45: Alexandros Tsakos (Universitetet i Bergen): Materialet frå Halsnøy kloster ved UB i Bergen

15.45-16.15: Kaffe og litt å bite i 

16.15-17.15: Omsyning på klosterområdet ved Helén Petersen (Sunnhordland Museum)

19.00: Middag 

29. september: Bokfragment
9.30-10.00: Espen Karlsen (Nasjonalbiblioteket): Hvordan identifisere rester av klosterboksamlinger i det norske fragmentmaterialet?
10.00-10.30: Aidan Conti (Universitetet i Bergen): Lectionariet Lec-Br 11 og den internasjonale innflytelsen 

10.30-10.45: Pause / Kaffe

10.45-11.15: Stefan Drechsler (Universitetet i Bergen): Lovfragmenta frå Sunnhordland og Hardanger
11.15-11.45: Åslaug Ommundsen (Universitetet i Bergen): Utvalde liturgiske fragment frå Sunnhordland og Hardanger

11.45-12.00: Vegen vidare, publisering av resultat og annan formidling

12.00-13.00: Lunsj

13.00-13.30: Pakking / Utforsking av området / Avreise
(Båt Ranavik –Bergen: avgong 13.51 – båtbytte 14.07 - ankomst Bergen 15.50)