Jubileumsbok om St. Sunniva – irsk dronning og norsk vernehelgen
St. Sunniva har prega norsk historie, litteratur og kunst frå mellomalderen av og til i dag. Ei nyutgjeven praktbok utforskar ulike sider av Sunnivafiguren.
Hovedinnhold
I 2020 var det 850 år sidan skrinet med den heilage Sunniva i 1170 blei overført frå Selja til den dåverande domkyrkja i Bergen. Denne viktige hendinga for Bergen, Vestlandet og heile Noreg er markert med boka St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen som utforskar ulike sider ved Sunnivafiguren, og korleis ho har prega norsk historie, litteratur og kunst frå mellomalderen av og til i dag.
Legenda om Sunniva er ei dramatisk skildring av ei dronning som ville velgje Gud framfor ein heidensk friar og drog med fylgjet sitt over havet frå Irland til den norske vestlandskysten.
– Etterkvart som legenda fann si form, vaks Sunniva fram til å bli ein nasjonal helgen og faneberar for Bergen bispedøme, feira både innanlands og utanfor landets grenser, inntil Reformasjonen la band på helgenkulten her til lands, fortel Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin og ein av redaktørane av boka.
I dag kan ein finne spor av Sunnivakulten frå Finnmark i nord til Tyskland i sør, frå Island i vest til Finland i aust. Legenda om Sunniva – anten me skal tolke denne bokstaveleg eller ikkje – er også eit vitnesbyrd om djupe historiske band vestover, til Irland og Storbritannia.
Levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen i 1170. Boka har fokus på Sunnivas rolle i tida etterpå, og har bidrag av forfattarar frå Noreg, Irland og England.
– Utviklinga det siste hundreåret har synt at det rike tankegodset og kulturarven frå mellomalderen lever vidare – Sunniva opptrer i stadig nye former i både kunst og ny litteratur, og ho pregar vårt moderne bybilde på ulike måtar. Samstundes gjev aktualiseringa av pilegrimskonseptet nytt liv til koplingane mellom landskap, vandring, heilagstad og legende, seier Ommundsen.
Dei tolv kapitla ser nærare på Sunnivas rolle i samfunnsliv, politikk, litteratur, liturgi og kunst både i mellomalderen og i vår tid. Forfattarane undersøker samstundes kvifor folk i dag har fått fornya interesse for denne kvinnelege helgenskikkelsen og for pilegrimsruter og -mål langs vestlandskysten.
Ommundsen er glad for endeleg å kunne halde den vakre jubileumsboka i hendene. Boka er rikt illustrert og inneheld bilete av Sunnivafigurar frå inn- og utland. Ho kan dessutan lesast på både norsk og engelsk.
– Boka er resultat av ein formidabel innsats frå alle dei som har vore involverte. Vi håpar at folk ved å lese boka vert betre kjend med Sunniva og den viktige rolla ho har spela, særleg for Bergen og Vestlandet. Ein vil òg sjå kor relevant fortida er for samfunnet i dag, seier ho.