Lansering av praktbok om St. Sunniva
Ei nyutgjeven praktbok om St. Sunniva utforskar ulike sider av Sunnivafiguren. Redaktørane av boka vil her presententere boka sitt innhald og bodskap.
Hovedinnhold
I 2020 var det 850 år sidan skrinet med den heilage Sunniva i 1170 blei overført frå Selja til den dåverande domkyrkja i Bergen.
Denne viktige hendinga for Bergen, Vestlandet og heile Noreg er markert med ei heilt ny bok: St. Sunniva. Irsk dronning, norsk vernehelgen – ei bok som utforskar ulike sider ved Sunnivafiguren, og korleis ho har prega norsk historie, litteratur og kunst frå mellomalderen av og til i dag.
Boka er rikt illustrert og inneheld bilete av Sunnivafigurar frå inn- og utland.
To av redaktørane, førsteamanuensis i mellomalderarkeologi Alf Tore Hommedal og professor i mellomalderlatin Åslaug Ommundsen, vil saman med forlaget og fleire av medforfattarane gje ein visuell presentasjon av bokas innhald og bodskap.
Etter presentasjonen kan dei som ønskjer det få ei omvising i Kyrkjeutstillinga for å sjå dei fire Sunniva-framstillingane som er i Universitetsmuseet si samling og som også prydar både framsida og fleire oppslag i boka.
Det er fri entré og ope for alle interesserte!