Hjem
Middelalderklyngen
bakgrunn

Bakgrunn for mellomalderklynga

Ei kunnskapsklynge for mellomalderstudiar skal bygge på universitetet sine sterke fagmiljø og vidareutvikle kontakten med eksterne regionale aktørar, slik som skulen, musea og reiselivsnæringa.

Hovedinnhold

I UiBs strategi vert målet med klyngesatsinga formulert slik:

«Gjennom å samle vitenskapelige ansatte, studenter og kunnskapsmedarbeidere fra utdanningsinstitusjonene, instituttsektoren, samt kunnskapsintensivt og forskingstungt næringsliv i regionen i spesialtilpassede forskings- og utdanningsbygg, ønsker vi å utvikle og konsentrere ressursene og innsatsen mot områder hvor vi har særlige forutsetninger for å lykkes internasjonalt. Klyngene gir muligheter til å skape fremragende utdanning, grunnforsking, anvendt forsking og innovasjon bygget på synergier oppnådd gjennom geografisk nærhet og/eller fysisk samlokalisering mellom ulike forskings- og utdanningsaktører. Dette er samtidig områder vi ønsker å ta et utvidet nasjonalt og internasjonalt ansvar for.»

Kvifor mellomalderklynge?

Kunnskapen om norsk og europeisk mellomalder er avgjerande for å forstå bakgrunnen for moderne kunnskapsdanning, kultur, urbanisering, demokratiutvikling og prinsippa for likeverdet mellom individa. Kunnskapen om topografi og landskap gjev forståing for sosial, økonomisk og rettsleg konstituering av lokalsamfunn, rettsforståing og sosial sjølvforståing. Mellomalderen er sentral og konstituerande for Bergens, Vestlandets og Noregs historie. Universitetet og museumssektoren i Bergen utgjer eit stort og mangfaldig fagmiljø innan mellomalderstudier.

Ei kunnskapsklynge for mellomalderstudiar skal bygge på universitetet sine sterke fagmiljø og vidareutvikle kontakten med eksterne regionale aktørar, slik som skulen, musea og reiselivsnæringa. Klynga skal bli ei tverrfagleg drivkraft for blant anna mellomalderhistorie, filologi, arkeologi og litteratur i nær kontakt med regionale institusjonar. Klynga skal vere ein pådrivar i utviklinga av lokal og nasjonal kunnskapsformidling om mellomlalderen.

November 2015

I november 2015 arrangerte Det humanistiske fakultet, i samarbeid med fleire samarbeidsparnarar i Bergen, ei innhaldsrik mellomalderveke. Programmet var todelt og bestod av ein vitskapeleg konferanse og eit populærvitskapeleg program for eit allment publikum. Arrangementet ga retning for det vidare arbeidet med å etablere ei mellomalderklynge.

  1. Exploring the Middle Ages (500–1600)
    Konferansen fann stad i Universitetsaulaen og omhandla eit breidt spekter av emne frå middelalderstudiar i Bergen: historie, filologi, arkeologi, musikk, rettshistorie, kunsthistorie, palaeografi og kodologi, litterære studier og religionsstudier. Konferansen varte i tre dagar og samla 200 mellomalderforskarar frå heile Europa.
     
  2. Middelalderuken 2015
    Den populærvitskaplege delen av programmet skulle vise breidda i mellomalderforskinga i byen og auke merksemda om Bergen som mellomalderby. I løpet av denne veka fekk bergenserane møte ein livleg og fargerik tidsalder og lære meir om mellomalderens kultur og historie, gjennom foredrag, omvisingar, familieaktivitetar, bokbad, utstillingar og konsertar.