Hjem
Middelalderklyngen
Visjon og målsettingar

Visjon og målsettingar 2025-2030

Her finn du visjon og målsettingar for Mellomalderklynga i 2025-2030.

Bilde av utsnitt fra håndskriftet Codex Hardenbergianus
Codex Hardenbergianus (GKS 1154 fol.) fremstår som en av de fineste norske håndskriftene fra middelalderen.
Foto/ill.:
Det Kongelige Bibliotek, København.

Hovedinnhold

Visjon

Gjennom banebrytande samarbeid lokalt og internasjonalt skal Mellomalderklynga skape ny kunnskap i forskingsfronten, bidra til framtida si forståing av vår eldre historie og synleggjere verdien av kulturarven frå mellomalderen.

Målsettingar

Nettverk

Mellomalderklynga skal skape samhandling, vere eit samlande organ og styrke nettverk av faglege institusjonar med kompetanse innan mellomalderfeltet. Klyngesamarbeidet skal styrke banda mellom utdanning og arbeidsliv.

Forskingssamarbeid

Mellomalderklynga skal styrke og utvikle nyskapande og tverrfagleg forsking på høgt internasjonalt nivå, og bidra til kunnskapsutveksling.

Tverrfaglegheit

Mellomalderklynga skal ivareta og vidareutvikle tverrfagleg samarbeid mellom disiplinar, sektorar og institusjonar som arbeider med forsking, forvaltning og formidling av mellomalderen.

Synleggjering

Mellomalderklynga skal styrke og utvikle innovativ formidling av mellomalderforsking til ulike målgrupper i samfunnet, inkludert skuleverket, og synleggjere verdien av kulturminna frå mellomalderen.