Årsmelding 2019
Hovedinnhold
Medlemer
• Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson
• Professor emeritus Helge Sandøy
• Professor emeritus Gjert Kristoffersen
• Professor Agnete Nesse
• Førsteamanuensis Ingvild Nistov (frå hausten 2019)
• Postdok-stipendiat Randi Neteland
• Stipendiat Helene Hildremyr
• Stipendiat Per Sigmund Sævik Bøe
• Stipendiat Krister Vasshus
• Stipendiat Ragnhild Gjefsen
• Arkivar Kristin Synnøve Kjos
• Førstebibliotekar og fagleg leiar av Språksamlingane Peder Gammeltoft
• Forskar Bente Selback
• Mastergradsstudentar: Trond Minde, Ingrid Mølmen Gråsletten, Guro Wågan, Petter
Steesnæs Morland, Julie Bergmann, Martin Sorge Folkvord, Sandra Justad Sørhus, Live Christine Brandal Tjervåg
Aktivitetar i 2019
• Mastergrad avlagt våren 2019: Marie Lund og Øystein Hassel
Det har gjennom begge semestera vore faste prosjektmøte kvar 14. dag, der medlemene har orientert kvarandre om faglege aktivitetar, nyhende og diskutert ulike faglege spørsmål. Kvar gong har det også vore eit hovudinnslag frå éin av gruppemedlemene i form av eit fagleg innlegg eller ein kort presentasjon og deretter diskusjon. Ragnhild Lie Anderson har hatt ansvar for innkalling, møteleiing og referat.
Prosjekt
LIA-prosjektet
Prosjektet blei finansiert av Noregs forskingsråd frå 2014 til 2019. Det var organisert som eit nasjonalt konsortium, med Tekstlaboratoriet ved Universitetet i Oslo som prosjekteigar. Prosjektet er no avslutta, og resultatet, finn ein på http://tekstlab.uio.no/LIA/korpus.html
Masterstudent Trond Minde var i perioden 1. januar til 30. august tilsett i dette prosjektet og hadde ansvar for translitterering og sistekorrektur.
Talebanken
Dette er ein korpusressurs som forskargruppa disponerer. Her vert det levert eiga årsmelding.
Samarbeidsprosjekt
Helge Sandøy og Edit Bugge samarbeider med kollegaer ved Fróðskaparsetur Føroya om prosjektet Endringar i færøyske dialektar gjennom to generasjonar. Korleis, kor fort og kvifor?
Individuelle prosjekt
Ragnhild Lie Anderson har i 2019 avslutta og lansert det fagdidaktiske prosjektet Dialektbasen for Sogndal. Det er ein webapplikasjon som er tilgjengeleg digitalt. Ho arbeider elles vidare med det individuelle og tradisjonelle sosiolingvistiske prosjektet Talemålsendring
i Sogndal. Her er dei to ungdomsmateriala frå 2001 og 2016 blitt lagt inn i Talebanken og er klare for analyse.
Gjert Kristoffersen har i 2019 arbeidd med tonelagsrealisasjon i Bergen, i strilemåla og i Dalarna i Sverige. I tillegg har han arbeidd med kystmåla øst på Agder, med utgangspunkt i opptak av det eldre talemålet på Sandøya utanfor Tvedestrand, og saman med Randi Neteland med eit prosjekt som ved hjelp av Lia freister å kartlegge sibilantuttale av /r/ foran ustemte klusilar i nord-norsk. I tillegg til den populærvitskaplege artikkelen «Sandøydialekten – der øst og vest møtes», har Kristoffersen fått akseptert ein artikkel om tonelagsspreiing i Dalarna i Journal of Germanic Linguistics. Den vil venteleg bli publisert i 2020. Han har også blitt med i gruppa som skal skrive ei ny universitetshistorie fram mot 75-jubileet i 2021. Planen er at han skal bidra med tre kapittel om språkforsking og språkpolitikk ved UiB.
Helge Sandøy arbeider med eit forskingsprosjekt kalla «To hundreår med språkendring. Gjensyn med Prøver af Landsmaalet (1853).»
Doktorgradsprosjektet til Helene Hildremyr dreiar seg om språkendring Odda/Tyssedal i Hardanger. Per Sigmund Sævik Bøe sitt doktorgradsarbeid er knytt til språkendring i Lindås og Øygarden i Nordhordland.
Randi Neteland sitt postdoktorprosjekt har arbeidstittel «koinéforming i Nord» og handlar om talemålsendringane som skjedde som følge av massiv innflytting i Kiruna og Narvik omkring år 1900.
Doktorgradsprosjektet til Krister Vasshus går ut på å undersøkja korleis og i kva grad den språklege kontakta som har vore på kryss og tvers av Skagerrak har sett spor i stadnamnutvalet i dette kystområdet både i Noreg, Danmark og Sverige. Er der likskapar, og
kva type likskapar er det i så fall snakk om?
Feltarbeid
Helge Sandøy har i samband med prosjektet om språkendring siste året gjennomført innsamlingsarbeid i Gjemnes, Seljord, Sel og Tynset.
Randi Neteland har vore i kontakt med ei rekkje museum og samlingar i Noreg og Sverige, og har fått tak i gamle opptak av innflyttarar og første generasjonen som vaks opp i dei nye byane Narvik og Kiruna som ho kan bruke i forskinga si.
Per Sigmund Sævik Bøe har avtale med tidlegare masterstudent Silje Villanger som intervjuar til innsamlingsarbeidet sitt i Lindås. Masterstudent Saher Rafei Tari har planlagt og er straks klar for innsamlingsarbeid av talemål hjå ungdomsskuleelevar i to situasjonar på Osterøy.
Masterstudent Ingrid Mølmen Gråsletten planlegg eit masterprosjekt om jamvektsutviklinga i Gudbrandsdalen. Guro Wågan arbeider med trykkfordeling i trønderske dialektar, Martin Folkvord arbeider med skriftleg dialektbruk på Messenger.
Ressursar
Talebanken, som vert utvikla i samarbeid med UNI Research, og som er ein viktig analysereiskap i prosjekta knytt til denne forskargruppa. Det er no tre delprosjekt som har kvar sine korpus liggjande i Talebanken: Dialektendringsprosessar med sirka 4,3 millionar ord, Industristadprosjektet (Språkutvikling på industristader) som har om lag 1,8 millionar ord og Talesøk på om lag 1,6 millionar ord. Dessutan er det no bygd opp eit heilt parallelt korpus for færøysk i samarbeid med Fróðskaparsetur Føroya: Føroyskur talumálsbanki. Det er på sirka 470 000 ord.
Målføresamlinga: Sidan Gjert Kristoffersen gjekk av sommaren 2018 har ingen hatt det formelle ansvaret for samlinga. Kristoffersen og Helge Sandøy har likevel etter beste evne hjelpt dei som har hatt behov for tilgang til samlinga. Universitetsstyret vedtok i oktober 2019 midlar som gjer at Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket no vil overta det faglege og økonomiske ansvaret.
Økonomi
Gruppa har ikkje motteke direkte støtte frå instituttet, men fekk via ein småforsksøknad frå Talebanken tildelt 50 000 kr til innlegging av nytt materiale frå masterstudentar og til vidareutvikling av Talebanken.
Helge Sandøy fekk støtte frå instituttet på 10219 kr for å gjennomføre feltarbeidet nemnt nedanfor.
Ragnhild Lie Anderson fekk støtte på kr. 35.000 frå Småforsk til transkripsjon og korrekturlesing og tilrettelegging av lydfiler frå Sogndal, slik at dei to opptaka frå 2001 og 2016 kom inn i Talebanken.
Deltaking med innlegg på fagkonferansar / -seminar
Ragnhild Lie Anderson:
«Elevar som forskarar i talemål». Fagleg-pedagogisk dag v/UiB 1.2. 2019
“Språkhaldningar hjå ungdom i og rundt Bergen”. Fagleg-pedagogisk dag v/UiB 1.2. 2019
“Talebanken: A short presentation” DHNetwork lightning talks på Universitetsbiblioteket 3.09.2019
«Ungdomsspråk i endring? Ei samanlikning av talemålet hjå to ungdomskull i Sogndal.» Møte om norsk språk (MONS) 18. Trondheim, 27. –29. november 2019.
Gjert Kristoffersen:
Er bergensdialektens tonelagskontrast privativ?. Møte om norsk språk (MONS) 18. Trondheim, 27. –29. november 2019.
Saman med Randi Neteland: Ka farsken? Realisering av /r/ som sibilant foran /k/ i nordnorsk. Sluttseminar for LIA-prosjektet Trondheim 26.–27 november 2019.
Agnete Nesse:
"Jeg vil kun slå fast [...] at hjærte rimer på smerte." Bruken av bokstavene <æ> og <e> i historisk perspektiv. Møte om norsk språk (MONS) 18. Trondheim, 27. –29. november 2019.
"Og hva mener De, professor Rummelfiold?" - Om de siste rester av avstandsmarkerende De i norsk. Fagleg-pedagogisk dag v/UiB 1.2. 2019
Publikasjonar
Kristoffersen, Gjert. 2019. Sandøydialekten – der øst og vest møtes. I: Sandøytårnet. Årsskrift for Sandøya historielag.
Nesse, Agnete. 2019. Anmeldelse av bind 2 av Dansk Sproghistorie: Ord for ord for ord. Utgitt av Det Danske Sprog- og Literaturselskab. Hovedredaktør Ebba Hjort. I Nydanske studier & almen kommunikationsteori, 159-171 ( ISSN 0106-8040)
Nesse, Agnete. 2019. From everyday speech to literary style: The decline of the distant address De in Norwegian during the twentieth century. I Journal of Historical Sociolinguistics, volum 5 (1) ( ISSN 2199-2908) http://dx.doi.org/https://doi.org/10.1515/jhsl-2017-0027
Nesse, Agnete. 2019. “Peter Trudgill: 'Norwegian as a normal language' and other studies in Scandinavian linguistics. Studia Nordica 7, redigert av Erns Håkon Jahr.” I: Maal og Minne, 167 – 178 ( ISSN 0024-855X)
Neteland, Randi. 2019. «Barns dialekttilegnelse – hvilken betydning har foreldrenes talemål?» I Fonologi, sosiolingvistikk og vitenskapsteori. Festskrift til Gjert Kristoffersen, red. Jan Kristian Hognestad, Torodd Kinn og Terje Lohndal, 213–234. Oslo: Novus forlag.
Neteland, Randi. 2019. Koine Formation and Society. A Sociolinguistic Study of Migration, Dialects, and Norms in Norwegian Industrial Towns. Lanham/Boulder/New York/London: Lexington Books.
Selås, Magnhild og Randi Neteland. 2019. «Norwegian children’s acquistion of the dialect feature r» RASK – International journal of Language and Communication 49 (1): 5–23.
Neteland, Randi. 2019. «Sociolinguistic Bibliography of European Countries for 2017. Norway.» Sociolinguistica 33: 234.
Sandøy, Helge. 2019. Osterøymålet – som kom i den språklege skyggen frå Bergen. I: Jan Kristian Hognestad, Torodd Kinn & Terje Lohndal (red.), Fonologi, sosiolingvistikk og vitenskapsteori. Festskrift til Gjert Kristoffersen, 273–294. Oslo: Novus. ISBN 9788283900293.
Sandøy, Helge. 2019. Prosjektet Moderne importord i språka i Norden. I: Margrethe Heidemann Andersen & Pia Jarvad (red.), Yes, det er coolt. Moderne Importord i Dansk. Dansk Sprognævns konference Importord i Dansk. København 7. november 2018, 355–374. (Sprognævnets konferenceserie 6.) København: Dansk Sprognævn. ISBN 978-87-89410-80-7.
Sandøy, Helge. 2019. Da Aasen skulle gjere landsmålet forståeleg. Språkprat februar 2019, https://sprakprat.no/2019/02/22/da-aasen-skulle-gjere-landsmalet-forstae....
Sandøy, Helge. 2019. Romsdalsk – eit produkt av kontaktar. I: Romsdalsmuseet. Årbok 2019, 54–83. ISBN 978-82-93776-00-0.
Sandøy, Helge. 2019. [Review of] Höskuldur Thráinsson, Caroline Heycock, Hjalmar P. Petersen & Zakaris Svabo Hansen, (eds.), Syntactic Variation in Insular Scandinavian. Amsterdam: John Benjamins, 2017. v + 343 pp. I: Nowele (2019) 72:1, s. 99-115. ISSN 0108-8416. DOI: https://doi.org/10.1075/nowele.72.1
Formidling
Ragnhild Lie Anderson:
«Kva seier ungdomar i Meland om strilemålet?» Språkprat 27.06.2019 https://sprakprat.no/2019/06/27/kva-seier-ungdomar-i-meland-om-strilemalet/ Dialektbasen for Sogndal. https://dialektbase-Sogndal.uib.no
Gjert Kristoffersen:
Februar: Innlegg i Språkprat-bloggen: Hørselen er et upålitelig instrument April: Intervju på NRK Hordaland: Har flykabinpersonale ein eigen måte å snakke på?
Oktober: Foredrag på Sandøya i Aust-Agder om den lokale dialekten i regi av Sandøya
historielag
Agnete Nesse:
Intervjuobjekt i innslag om lanseringen av Norsk språkhistorie i fire bind. I NRKP2 morgonsending 23.1.2019 «Norsk språkhistorie på dugnad». I: Norsk Tidend 1.2. 2019 Dialektferda - samtale om visesang og dialekter. Foredrag v/Bergen offentlige bibliotek 27.4. 2019.
Randi Neteland:
«Dei snakkar no litt nynorsk» Språkprat 26.04.2019, https://sprakprat.no/2019/04/26/dei-snakkar-no-litt-nynorsk/
Helge Sandøy:
Høgskulen på Vestlandet, Stord 19.2.2019: Sunnhordlandsk og anna talemål gjennom 200 år
Stord mållag 19.2.2019: Korleis omgrepet 'norsk' veks fram.
Lindås kulturstyre 19.9.2019: Dialektutvikling – og er det så gale?
Seminar for Þorsteinn Indriðason 1.11.2019: Skiftande kasussystem i Norden. Frå fire til tre kasus
Nynorskbar, Bergen mållag 12.11. 2019: Norsk språkhistorie I-IV– og korleis omgrepet ‘norsk’ veks fram
Hustadvika mållag, Eide, 13.3.2019: Korfor er skrivemåten av stadnamna viktig?
Planar for 2020
Forskargruppa er eit kontaktpunkt for studentar og stipendiatar som skriv sosiolingvistiske oppgåver både for prosjekt som er knytt til Talebanken, men også andre. Gruppa vil søkja instituttet om midlar til å kunna halda fram arbeidet med transkripsjon og tilrettelegging av talemålmateriale til Talebanken for komande masterstudentar. Hausten 2020 planlegg forskargruppa eit presentasjonsseminar av Talebanken der ein kan få demonstrert faglege arbeid som er utført i Talebanken.