Hjem
Forskergruppa Sosiolingvistikk og språkendring

Hovedinnhold

Medlemmer

• Førsteamanuensis Ragnhild Lie Anderson (leiar)
• Professor emeritus Helge Sandøy
• Professor emeritus Gjert Kristoffersen (fram til juni 2021)
• Professor Agnete Nesse
• Professor Ingvild Nistov
• Postdok-stipendiat Randi Neteland
• Stipendiat Helene Hildremyr
• Stipendiat Per Sigmund Sævik Bøe
• Stipendiat Krister Vasshus
• Stipendiat Ragnhild Gjefsen
• Stipendiat Marie Lund Stokka
• Arkivar Kristin Synnøve Kjos
• Forskar Bente Selback
• Mastergradsstudentar: Trond Minde, Saher Rafei Tari, Ingrid Årdal, Julia Anna Piroska Zsiga, Torbjørn Svendsen, Ragnhild Moltumyr Rooney, Hanna Slettebakken, Sunniva Hindenes Sætre og Øystein Sandve

Det har gjennom begge semestera vore faste prosjektmøte om lag kvar 14. dag, der medlemene har orientert kvarandre om faglege aktivitetar, nyhende og diskutert ulike faglege spørsmål. Kvar gong har det også vore eit hovudinnslag frå éin av gruppemedlemene i form av eit fagleg innlegg eller ein kort presentasjon og deretter diskusjon. Ragnhild Lie Anderson har hatt ansvar for innkalling, møteleiing og referat. Ho har også ansvar for forskargruppa si heimeside. Også i 2021 har det mykje føregått digitalt på ZOOM, men med nokre fysiske møte.

Støtte
Forskargruppa har ikkje søkt om eigne midlar, men korpusressursen Talebanken, som forkargruppa disponerere, fekk tildelt 33 034 kr for at Bente Selback har kunna leggja til rette for at lydfiler som tidlegare høyrde til i Språksamlingane, kan leggjast inn i Talebanken og for teknisk arbeid til arbeid med banken av Paul Meurer. Prosjekt Talebanken Dette er ein korpusressurs som forskargruppa disponerer. Her vert det levert eiga årsmelding.
Samarbeidsprosjekt Helge Sandøy og Edit Bugge samarbeider med kollegaer ved Fróðskaparsetur Føroya om prosjektet Endringar i færøyske dialektar gjennom to generasjonar. Korleis, kor fort og kvifor?
Individuelle prosjekt Ragnhild Lie Anderson arbeider med å samanlikna talemålet hjå to ungdomskull frå Sogndal frå 2001 og 2016. Ho skriv artiklar om ulike språkdrag i endring. Ho arbeider også med å transkribera ferdig talemålsopptak frå 1996 og panelopptak frå 2017, slik at desse også kan koma inn i Talebanken.
Agnete Nesse arbeider med historisk sosiolingvistikk, knytt til skriftspråk på 1800-og 1900- tallet. Data er både minnebøker, brev, skjønnlitteratur og bedriftsarkiv. Interessefeltet dekker både rettskriving, stil og namnemateriale .
Helge Sandøy held fram med bokprosjektet «To hundreår med språkendring. Gjensyn med Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)». Ingvild Nistov arbeider med eit prosjekt med tittelen: "Language Contact and Language Change across three generations in Turksih families in Norway and France". Samarbeidspartnarar i Noreg: Emel Türker-Van der Heiden, UiO og Marte Nordanger, Høgskolen i Innlandet (HInn).
Randi Neteland er tilsett som postdoktor ved LLE i nordisk språk i perioden 2019–2022. Postdoktorprosjektet har fått arbeidstittelen «Koinéforming i nord – utvikling av industristadtalemåla i Narvik og Kiruna», og er ein empirisk og teoretisk studie av framveksten av nye dialekter.
Doktorgradsprosjektet til Helene Hildremyr dreiar seg om språkendring Odda/Tyssedal i Hardanger.
Per Sigmund Sævik Bøe er i sluttfasen på sitt doktorgradsarbeid som er knytt til språkendring i Lindås og Øygarden i Nordhordland. Krister Vasshus er i sluttfasen på doktorgradsprosjektet sitt der han undersøkjer korleis og i kva grad den språklege kontakten som har vore på kryss og tvers av Skagerrak, har sett spor i stadnamnutvalet i dette kystområdet både i Noreg, Danmark og Sverige. Er der likskapar, og kva type likskapar er det i så fall snakk om?
Ragnhild Gjefsen er i sluttfasen på doktorgradsprosjektet sitt om korleis naturlegheitskonvensjonen kjem til uttrykk i scenespråket til åtte ulike framsyningar på 1900- talet, og korleis sosial språkleg variasjon bidreg til fiksjonsdanning.
Doktorgradsprosjektet til Marie Lund Stokka dreiar seg om norsk arvespråk i Latin-Amerika. Ho skal ser på endring og stabilitet i det norske språket gjennom samanlikning av nomenfrasar i latinamerikansk norsk med tilsvarande frasar i nordamerikansk norsk og norsk i Noreg.
Fagkonferansar Medlemer frå forskargruppa (Agnete Nesse, Randi Neteland, Edit Bugge og Ragnhild Lie Anderson) var arrangørar og arrangerte 22. – 23. april ei digital utgåve av SONE-konferansen. Randi Neteland var også med og arrangerte stadnamnkonferansen «Norsk stadnamnarkiv i 100 år» 27.-28.oktober 2021.
Publikasjonar og formidling
Ragnhild Lie Anderson: «Om ao-lyden.» (Intervju i radio 30. april, Distriktsprogram Sogn og Fjordane i dag) «Fryktar for dialekta i Sogndal.» (Intervju i Vestlandsrevyen 30. april) «Ao-lyden held på å døy ut hjå unge sogndøler.» (kronikk) I: Sogn Avis.
Per Sigmund Sævik Bø: «Sier du det»» Demografiske variabler vs. Lokal orientering i sjøl-rapportert språk på Strilelandet. (På SONE-konferansen 2021)
Ragnhild Gjefsen: «Språkleg variasjon og estetisk trend» (På SONE-konferansen 2021) «Spontaneity in Norwegian stage language» (International Federation for Theatre Research (IFTR), forum for unge forskarar under 2021-konferansen: ‘Theatre Ecologies: Environment, Sustainability and Politics’)
Kristin Synnøve Kjos: «Arkivdagen 2021 – barn i arkivet.» I: På Høyden – nettavis for Universitetet i Bergen. Norsk stadnamnarkiv – en presentasjon av det fysiske materiale. (For fagrådet i forbindelse med Norsk Stadnamnsarkiv 100 år). Språksamlingane – noe for enhver mann? (Språkbar for Bergen Mållag 21. oktober) «Språkforskeren Hallfrid Christiansen – con amore.» I: På Høyden – nettavis for Universitetet i Bergen.
Gjert Kristoffersen: «Tonal Variation and Change in Dalarana Swedish.” I Journal of Germanic Linguistics, volum 33, hefte 2, s. 179 – 233. Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet. (vitenskapeleg antologi) I: Hagen Kristin, Gjert Kristoffersen, Øystein Alexander Vangsnes og Tor Anders Åfarli (red.). Oslo: NOVUS. Kristoffersen, Gjert og Randi Neteland. 2021. «Ka farsken? Realisering av /r/ som sibilant foran /k/ i nordnorsk.» I Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet, redigert av Hagen Kristin, Gjert Kristoffersen, Øystein Alexander Vangsnes og Tor Anders Åfarli , 41–63. Oslo: Novus.
Agnete Nesse: «En analyse av språket i Anna Hansdatter Tormods brev fra perioden 1714-1722.» I Maal og Minne 2021, hefte 1, s. 99-130. «Språkendring som følge av innvandring: Bergensk gjennom 950 år.» I Replikk nr. 50, 2021, s. 91-98. «Varying spelling techniques in the texts of an adult, inexperienced writer.» På konferansen Intra-Writer variation in Historical Sociolinguistics. I regi av Historical Sociolinguistic network. Digital konferanse, 17.-19. mars 2021. «Writers' interpretation of correctness: variation in texts by Norwegians 1700-1976.» På Spelling, Writing and Identity. Second symposium on Linguistic Identity. Universitetet i Stavanger, 29. og 30. november 2021. «Poetisk motstandskamp: Språk og tekst i minnebøker fra andre verdenskrig.» På forskergruppen for nordisk språkvitenskap, UiB, 3. juni 2021.
Randi Neteland: Neteland, Randi. 2021. «’...skall en by anlägas upi høga nord’ Språklig variasjon i Rombaksvisa.» I Skillingsvisene i Norge. Studier i en forsømt kulturarv, redigert av Siv Gøril Brandtzæg og Karin Strand, 349–385. Oslo: Scandinavian Academic Press. Gujord, Ann-Kristin H., Randi Neteland og Magnhild Selås. 2021. «Successive Language Learning in Early Childhood: The Case of Question Formation.» RASK – International journal of Language and Communication 53 (1): 5–36. ‘ Kristoffersen, Gjert og Randi Neteland. 2021. «Ka farsken? Realisering av /r/ som sibilant foran /k/ i nordnorsk.» I Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet, redigert av Hagen Kristin, Gjert Kristoffersen, Øystein Alexander Vangsnes og Tor Anders Åfarli , 41–63. Oslo: Novus. Neteland, Randi. 2021. Bokmelding av Bente A. Svendsens bok Flerspråklighet. Til begeistring og besvær i Målbryting 12: 73–77.
Bente Selback: Selback, Bente og Terje Svardal. 2021. "LIA-korpuset som ressurs irevisjonen av tre ordbøker." I: Kristin Hagen, Gjert Kristoffersen, Øystein A. Vangsnes og Tor Anders Åfarli (red.): Språk i arkiva. Ny forsking om eldre talemål frå LIA-prosjektet, s. 87–107. Oslo: Novus. Helge Sandøy: Helge Sandøy: «Frå Aasen til Norsk dialektkorpus. Tilfellet Ål i Hallingdal.» Foredrag på Minneseminar om Janne Bondi Johannessen, Oslo 11.-12. okt. 2021.
Helge Sandøy: Språkspalte i Romsdals Budstikke kvar fjerde laurdag.
Planar for 2022: Forskargruppa er eit kontaktpunkt for studentar og stipendiatar som skriv sosiolingvistiske oppgåver både for prosjekt som er knytte til Talebanken, men også andre. Me planlegg å halda fram med å møtast annakvar veke for å diskutera individuelle og felles prosjekt også i 2022. Det inneber mellom anna at me jobbar vidare med Talebanken, held fram samarbeidet med språksamlingane, og at medlemene elles arbeider med individuelle prosjekt og får støtte og råd frå forskargruppa undervegs i prosessen.