Kritisk høyringsfråsegn om utvida straffansvar for førebuing av terrorhandlingar
Ei gruppe på åtte fast tilsette ved Det juridiske fakultet i Bergen har sendt ei kritisk høyringsfråsegn til Justisdepartementet sitt forslag om ytterlegare utvidingar av straffereglane mot førebuing av terrorhandlingar.
Hovedinnhold
Departementet føreslår mellom anna å gjera det straffbart å vera på ein stad der det blir gitt trening i terrormetodar og å motta informasjon som er eigna til bruk for terrorhandlingar. Dei åtte medlemene av forskargruppa for strafferett og strafferett kritiserer forslaget for å vera vesentleg for dårleg utgreidd både når det gjeld mogeleg nytteeffekt i kampen mot terrorisme og negative konsekvensar for individa sin fridom og rettstryggleik og for legitimiteten til strafferettssystemet. Gruppa tilrår difor at heile forslaget blir lagt til sides, inntil ein eventuelt har gjort ei langt grundigare utgreiing av alle sider ved framlegga.
Bak høyringsfråsegna står professorane Husabø, Jacobsen, Mæland, Aall og Aarli, og førsteamanuensane Borvik, Gröning og Øyen.
Høyringsfråsegna finn ein her. Det notatet til 22.juli-kommisjonen som det også blir vist til, finn ein her.