Aramaic Online Project
Aramaic Online Project har som mål å berga det nyarameiske språket surayt (turoyo) som tale- og skriftspråk. Språket er i slekt med Jesu talemål, og dei som vil, kan no læra arameisk gratis på nettet.
Hovedinnhold
Truga eksistens
Språket surayt vert rekna av UNESCO som "severely endangered". Røtene til språket er i Midtausten, og det blir framleis talt i Tyrkia, Irak, Syria og Libanon. Men fleire og fleire av brukarane har flytta eller flykta til andre delar av verda, ikkje minst til land som Sverige, Tyskland, Nederland, Belgia, Austerrike, Sveits og Frankrike.
Dermed er surayt blitt eit europeisk språk. Brukarane er spreidde som små minoritetar utover mange ulike land. Spørsmålet er om surayt vil bli overlevert til andre og tredje generasjons europearar.
Vil berga surayt i eit lingvistisk mangfaldig Europa
For å sikra surayt eit vidare liv vart det i 2014 sett i gang ei brei språkleg livberging i regí av Aramaic Online Project (AOP):
- Språket er i dag først og fremst eit talt språk. AOP har laga ein ny, felles standard for rettskrivinga, der både syriansk og latinsk skrift blir brukt.
- Det er utvikla eit nettbasert kurs på nivå A1, A2 og B1. Dei første delane av kurset er lagt ut på nettsida til prosjektet, og resten vert lagt ut hausten 2017. Kurset er lagt til rette for sju ulike språk: arabisk, engelsk, fransk, nederlandsk, svensk, tyrkisk og tysk. I 2017 kjem det ut ei trykt lærebok i surayt.
- AOP gjennomførerer prosjektet "ti forfattarar, hundre tekstar", som munnar ut i korte artiklar som er relevante for dagens lesarar.
- AOP skipar til sommarkurs for unge som vil læra språket.
- Den første vitskaplege konferansen om surayt vart gjennomført i Cambridge sommaren 2015.
- Prosjektet har som ambisjon å få utvikla eit tilbod i språket på universitetsnivå.
Prosjektperioden for AOP (Nettarameisk) er 2014-2017
Tysdag 29. august var det offisiell avslutningsseremoni for prosjektet i Bergen, men arbeidet med å sikra Surayt ei framtid går vidare.
- Fagleg leiar: professor Shabo Talay, Freie Universtät Berlin
- Administrativ koordinator: Soner Barthoma, Freie Universität Berlin
- Koordinator i Bergen: førsteamanuensis Ludmila I. Torlakova
- Administrativ koordinator i Bergen: Arve Kjell Uthaug