Pris til Albina Gilmullina
Albina Gilmullina (PhD UiB Geo 2021 med Christian Haug Eide som hovudrettleiar) vant i går prisen "Harold Reading Medal" som blir delt ut kvart år av British Sedimentological Reserach Group. Den tildelast den som har levert "den beste publikasjonen som kjem frå ei doktorgradsoppgåve i feltet stratigrafi og sedimentologi i løpet av det siste året". Ut av ti nominerte for det meste frå Storbritannia, var det Albina frå UiB som vant.
Hovedinnhold

Albina vant prisen for artikkelen "Linking sediment supply variations and tectonic evolution in deep time, source-to-sink systems—The Triassic Greater Barents Sea Basin" som er publisert i tidsskriftet Geological Society of America Bulletin. Artikkelen er opent tilgjengeleg og du kan finne den her.
Artikkelen handler om utviklingen til Arktis gjennom tid, om kva områder som tilførte sedimenter til Barentshavet i Trias, og den viser at elvesystemene der var transporterte like mykje sedimenter som dei største elvene i verden i dag. Artikkelen presenterer også ein metode for å undersøke om sedimenter har blitt overført frå eit sedimentært basseng til eit anna igjennom geologisk tid, og denne metoden kjem nok til å bli brukt av mange andre i framtida.
Gratulerer med prisen Albina!