Hjem
Institutt for global helse og samfunnsmedisin
Pris

Hilde Engjom tildelt Marie Spångberg-prisen for 2018

Engjom er førsteforfattar på artikkelen "Risk of eclampsia or HELLP- syndrome by institution availability and place and delivery – A population – based cohort study". Marie Spångberg-prisen er oppretta av landsstyret til Den norske legeforening i samband med 100-årsjubileet i 1993 for den første kvinnelege lege, Marie Spångberg.

gul rose i nærbilde
Foto/ill.:
Gunhild Koldal

Hovedinnhold

Prisen blei delt ut under Legeforeningens landsstyremøte 2019 i Kristiansand. Artikkelen omtalar reisetid til sjukehus og mogleg livstrugande tilstandar ved svangerskapsforgifting. Komiteen har uttalt at arbeidet er av høg kvalitet og innstillinga er einstemming. Professor Kari Klungsøyr, også frå IGS, er siste-forfatter på artikkelen. Arbeidet er knytta til forskningsgruppe for reproduktiv epidemiologi.

IGS gratulerar med prisen!

Artikkelomtale:

Vi henta opplysningar frå medisinsk fødselsregister og statistisk sentralbyrå for 637 000 kvinner som fødte i perioden mellom 1999 og 2009. Vi beregna reisetid til næraste fødeinstitusjon og undersøkte korleis reisetid og kvar fødselen fann stad påverka risiko for eklampsi og HELLP-syndrom.

Desse tilstandene er sjeldsynte, men alvorlege former for svangerskapsforgiftning der kvinna får kramper, eller utviklar mangel på raude blodlekamar og blodplater og får påverka leverfunksjon.

Vi fann at førstegongsfødande hadde 50 % høgare risiko for eklampsi og HELLP ved reisetid over 1 time, samanlikna med kvinner som hadde inntil 1 time reisetid. Hos fleirgongsfødande var risiko for eklampsi dobla.

Kvinner med risikofaktorar vart sendte til dei større institusjonane

Likevel forekom slike komplikasjonar ved alle fødeinstitusjonene, også hos kvinner som ikkje hadde kjente risikofaktorar.

Studien viser at tilgang til fødeinstitusjon er viktig for alle kvinner, også ved lågrisiko svangerskap.

Den viser betydninga av MFR sitt kvalitetsarbeid, der alle meldingar om desse tilstandene vert kontrollerte.

Det er behov for ei samordna overvaking og betre registrering av alvorlege, potensielt livstrugande, komplikasjonar ved svangerskap og fødsel.

Vi tilrår også at fordeling av nytte og ulemper vert drøfta nøye i overvaking og endring av fødselsomsorga.