Hjem
Det juridiske fakultet
Klarspråkarbeidet ved Det juridiske fakultet

UiB og UiO: Saman om klarspråkarbeid

Språk er makt. Og juss er språket til makta. No styrkar UiO og UiB samarbeidet om å gjere nyutdanna juristar i stand til å skrive på ein måte som alle kan forstå.

Bilde av signering av avtale på Solstrand
Jon Christian Fløysvik Nordrum (t.v.) er førsteamanuensis i rettsvitskap og prosjektleiar for klarspråksatsinga ved UiO. Nyleg besøkte han UiB for å skrive under avtalen saman med dekan Karl Harald Søvig (t.h.) som sikrar eit vidare samarbeid om røkting av lovspråket ved jussutdanningane.
Foto/ill.:
André Kvalvågnes, UiB

Hovedinnhold

Juss er lover, regler og forskrifter. Det er kontraktar, rettleiingar, vedtak,  tiltalar og dommar. Det er språket til politikarane, dommarane og politiet. Det er språket makta snakkar.

– Forstår du ikkje juss-språket, kan du få vanskar med å forstå informasjon frå det offentlege. Du klarer ikkje orientere deg i systemet, eller forstå kva rettar du har, seier Jon Christian Fløysvik Nordrum. Han er førsteamanuensis i rettsvitskap og prosjektleiar for klarspråksatsinga ved UiO.

Kjem jusstudentar ved UiO og UiB til gode

– Maktspråket kan vere vanskeleg å forstå for folk med ei svak språkforståing og personar i sårbare situasjonar, seier Nordrum.

Saman med kollegaer ved UiB har han eit tydeleg siktemål: Å gjere lovspråket forståeleg for alle.

Skal juristar skrive klare rettsreglar, forståelege rettleiingar og tydelege vedtak, må dei først vite kva som er ein god tekst. Deretter må dei øve.

Denne veka var Nordrum i Bergen for å underteikne ein avtale om vidare samarbeid mellom UiO og UiB innan klarspråk for jusstudentar. Ifølge avtalen skal partane arrangere eit klartspråk-seminar i Bergen i 2020. Vidare skal UiB tilsette ein postdoktor som skal forske på juridiske tekstar og juridisk skrivedidaktikk.

Millenials med gamlis-språk

Jusstudent og tidlegare arbeidsgruppeleiar Marit Tjelmeland har sett korleis språket til studentane endrar seg i løpet av studieåra.

– Per haustar eple. Slik skriv studentane gjerne det første året. Det neste året formularar dei seg annleis: «Per føretek ei innhausting». Det tredje året skriv dei gjerne at «Per gjer epla til gjenstand for innhausting», seier Tjelmeland.

Ho trur at alle passivformene, stubstantiveringa skuldast at studentane trur den stivbeinte kansellistilen høyres meir korrekt ut enn dei enkle setningane. 

Målet for undervisarane er å få studentane til å legge vekk arkaiske og støvete uttrykk som «hvorpå», «således», «dog» og «likeledes». Ord som få personar fødde etter 1960 har som ein naturleg del av daglegtalen.  Uttrykk dei kanskje trur høyrer heime i godt juridisk språk, men som har lite med eit tydeleg og moderne norsk å gjere.

Vil utvikle ein juridisk skrivedidaktikk

– Vi skal bygge på dei sterke ressursane vi har ved fakultetet. Vi har i mange år gjeve studentane våre mykje rettleiing om skriving av oppgåver, og kvar student leverer og kommenterer mange tekster i løpet av åra dei er på Dragefjellet. Målet er å utvikle ein juridisk skrivedidaktikk, seier Magne Strandberg, studiedekan ved UiB.

Prosjektet «Bedre språk, bedre jurister» blei starta ved UiB, og sett ut i livet i perioden 2017-2018 under leiing av førsteamanuensis Knut Martin Tande og seniorrådgjevar Nina Østensen. Utgangspunktet for prosjektet er ein idé om at klare tankar og klart språk heng saman. Forståelege konklusjonar må bygge på forståelege premiss.

Prosjektet var finansiert av Norgesuniversitetet (no DIKU). Gjennom praktisk skrivetrening fekk studentane eit større medvit om korleis dei kan skrive så folk forstår det. Som jusstudent ved UiB leverer ein oppgåver gjennom heile året. Innleveringane blir diskutert i grupper, og studentane får tilbakemelding på arbeidet dei har gjort. Studentane kan difor få fortløpande tilbakemeldingar på språket dei nyttar.

Språket og rettstaten

- Vi underviser studentane våre i kva som er godt språk, om korleis eit juridisk resonnement bør skrivast for å bli forståeleg og klart. Dette er det viktig for oss å utvikle vidare i samarbeidet med Oslo i åra framover, seier Strandberg. 

UiO-kollega Nordrum ser fram til det vidare samarbeidet.

- I klarspråkprosjektet ved UiO  trekk vi vekslar på nybrottsarbeidet som har vore gjort ved UiB. I ytste konsekvens er godt klarspråk er ein føresetnad for ein rettsstat, seier Nordrum.