Team Samdal
Hovedinnhold
Team Samdal vil leie gjennom dialog og lagarbeid
Som rektorat vil vi utvikle UiB til ein meir vital, open og slagkraftig kunnskapsinstitusjon. Vi vil skape ein organisasjon der kvar medarbeidar og student kjenner seg som del av eit større, raust fellesskap, som dei er stolte av å høyre til.
Styrken og kvaliteten i det vi får til som institusjon, ligg i dialog, samhandling og lagtenking.
Som rektorat vil vi:
- Styrke universitetsdemokratiet, invitere til opne diskusjonar og sørge for at tilsette og studentar vert høyrde i viktige avgjerder.
- Styrke samarbeidet om faglege mål på tvers i organisasjonen mellom dei faglege einingane og med dei sentraladministrative avdelingane.
- Styrke UiB si nasjonale og internasjonale slagkraft som eit synleg og kvalitativt sterkt, forskingsintensivt universitet. Vi vil styrke grensesprengande og nysgjerrigheitsdriven forsking og kunstnarleg utviklingsarbeid ved å hjelpe dei gode ideane til å vinne fram.
- Bidra til samfunnsendring gjennom eit perspektiv på innovasjon forankra i fagmiljøa sine premiss.
- Styrke det faglege, fysiske og sosiale læringsmiljøet ved UiB for at studentane skal trivast og utvikle seg både fagleg og som menneske.
- Skape trygge rammer for våre tilsette og studentar både i utlandet og på UiB, for slik å verne om våre internasjonale partnarskap, vårt omdømme og ikkje minst vårt eige verdigrunnlag.
Kven er vi?
Vi ønskjer å sette fag og folk i sentrum. Vi kjenner organisasjonen og sektoren svært godt. Nettopp derfor vil vi vektlegge transparens, tillit og tiltak for å få alle gode krefter til å jobbe saman mot samme mål.
Rektorkandidat Oddrun Samdal (f. 1967) er professor i helsefremjande arbeid/helsepsykologi ved Det psykologiske fakultet og har lang leiarerfaring både innan forsking og utdanning. Ho har i over ti år vore forskingsgruppeleiar, og også instituttleiar, visedekan for utdanning, og dei siste 8 åra viserektor for utdanning ved Universitetet i Bergen. Parallelt med leiarverva har Samdal vore databankansvarleg og norsk prosjektleiar for den internasjonale studien «Health Behaviour in School-aged Children» (hbsc.org) og arbeidspakkeleiar i fleire EU-finansierte prosjekt. Ho har publisert over 100 fagfellevurderte artiklar og bokkapittel.
Prorektorkandidat Nils Gunnar Kvamstø (f. 1964) er professor i meteorologi ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Han har lang erfaring som forskingsgruppeleiar og instituttleiar ved Geofysisk institutt og har sidan 2019 vore marin dekan for UiB sitt satsingsområde Marin vitskap. Han har, både som forskar og på strategisk nivå, hatt ei leiande rolle i Bjerknessenteret for klimaforskning (BCCR) frå etablering, SFF-tildeling og dei første ti åra i drift.
Kandidat som viserektor for utdanning Arne Tjølsen (f.1959) er professor ved Det medisinske fakultet. Han har omfattande erfaring frå verv og leiarskap ved universitetet, både på institutt- og fakultetsnivå, og var frå 2009–2017 visedekan for utdanning ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.
Kandidat som viserektor for internasjonalt samarbeid Camilla Brautaset (f. 1971) er professor i moderne økonomisk historie ved Det humanistiske fakultet, og sit no i fakultetsstyret. Ho leia UiB sitt Kompetanseutvalg for Kina 2018–2020.
Kandidat som viserektor for innovasjon og infrastruktur Kristine Jørgensen (f. 1978) er professor i medievitskap ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, og sit no i fakultetsstyret. Ho var sentral i etableringa av UiB si først kunnskapsklynge Media City Bergen.
Les meir om oss:
www.teamsamdal.no