5-årig lektorutdanning med master
Med ei 5-årig lektorutdanning får du både master og undervisningskompetanse i same slengen, og du blir kvalifisert til læraryrket i både ungdomskule og i vidaregåande skule.
Hovedinnhold
Dersom du ønskjer å bli lærar i ungdomskulen og i vidaregåande skule, kan du velgje eitt av lektorutdanningsprogramma våre.
Gjennom studiet vel du to undervisningsfag, kor du tek master i eitt av dei. Du får eit solid faggrunnlag i begge undervisningsfaga, som er sentrale skulefag. Du lærer også kritisk refleksjon rundt fag, undervisning og læring. I tillegg inneheld studiet pedagogikk (korleis å lære bort og oppdra), fagdidaktikk (djupare refleksjon om faget og korleis me underviser i faget) og 100 dagar i praksis i ungdom- og vidaregåande skule.
Her finn du meir informasjon om kvart enkelt av Universitetet i Bergen sine femårige lektorutdanningsprogram:
- Lektorutdanning med master i nordisk (norsk)
- Lektorutdanning med master i historie eller religion
Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk, spansk eller tysk)
- Lektorutdanning med master i naturvitenskap og matematikk (realfag)
- Lektorutdanning med master i sosiologi (samfunnsfag)
Dersom du ønskjer å undervise i andre fag enn lektorutdanningsprogramma tilbyr, kan du først ta et ordinært masterstudium, for deretter å byggje på med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Kva er forskjellen på lektor og lærar?
Ein lektor er ein lærer med mastergrad og pedagogisk kompetanse til å undervise i både ungdomskule og i vidaregåande skule.
Lektorutdanning er sjølvsagt også ei lærarutdanning, men omgrepet lærarutdanning blir tradisjonelt sett brukt om utdanningar som kvalifiserer til jobb i dei lågare trinna i grunnskulen. Du må altså bestemme deg for kva for eit alderstrinn du ønskjer å jobbe med, og kva fag du brenn for og vil fordjupe deg i.
Kva fagkombinasjonar kan du velgje?
Med ei 5-årig lektorutdanning kan du undervise i to fag i skulen. Du tek mastergrad i det eine faget.
Søkjer du lektorprogram i anten historie, religionsvitskap, framandspråk, nordisk eller sosiologi, velgjer du ditt andre undervisningsfag (fag 2) i løpet av 2. studieår. Du kan velgje mellom følgande fag:
- spansk
- tysk
- fransk
- engelsk
- nordisk (norsk)
- religionsvitskap
- historie
- sosiologi (samfunnsfag)
Søkjer du lektorprogrammet i realfag, vel du fagkombinasjon ved studiestart. Du kan velgje mellom følgande fagkombinasjonar:
- matematikk og fysikk
- kjemi og matematikk
- biologi og matematikk
- biologi og kjemi
- matematikk med naturfag som fag 2
Er du usikker på kva fagkombinasjon du skal velge? Ta kontakt med studierettleiar.
Gode jobbmoglegheiter som lektor
Det er viktigare enn nokon gang at Noreg har ein god skule. I framtida må arbeidstakarane ha høgare kompetanse enn tidlegare og arbeidet for å tilrettelegge for dette startar i skulen. Skuleverket har difor eit stort behov for lærarar med høg fagleg kompetanse.
Som lektor får du ei god startløn. Du kan lese meir om lektoryrket og løn på Utdanning.no.
Slik søkjer du
Du søker opptak gjennom Samordna opptak. Søknadsfristen er 15. april.
Merk at det blir stilt krav om politiattest og skikkavurdering av alle som startar på lektorutdanninga.