Hjem
Etter- og videreutdanning
Ta master på deltid

Erfaringsbasert master i undervisning

Er du lærar og ynskjer fagleg fordjuping ved sidan av jobb? Ved UiB kan du ta erfaringsbasert mastergrad i undervisning på deltid, med fordjuping i engelsk, norsk eller matematikk. Søknadsfrist 15. april kvart år.

Erfaringsbasert master i undervising med fordjuping i engelsk
Med mastergrad i undervisning og fagleg fordjuping i undervisningsfaga norsk, engelsk eller matematikk blir du fagleg tryggare som lærar.

Hovedinnhold

Master i undervisning er eit deltidsstudium over fire år der målet er å vidareutdanne allmennlærarar for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskulen og for oppgåver i den vidaregåande skulen. Du kan velje mellom fordjuping i engelsk, norsk eller matematikk. Les meir om mål og innhald i dei ulike spesialiseringane: 

Målgruppe og opptakskrav

Masterstudiet rettar seg mot deg som har allmennlærarutdanning med minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget du har valt, eventuelt ein bachelorgrad der det inngår minst 60 studiepoeng i fordjupingsfaget samt praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande. 

Sidan studiet er eit vidareutdanningstilbod, er det krav minst 2 års relevant undervisningserfaring frå skulen.

Søknad og opptak

Du søker plass gjennom Søknadsweb. Søknadsfristen er 15. april kvart år.

Meir informasjon

Ta kontakt med studierettleiarar ved det aktuelle instituttet som har det faglege ansvaret. Kontaktinformasjon til desse finn du i menyen til høgre.