Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet

Opna nytt forskingssenter for diabetes «PRESIS-DIA»

Eit team av nokre av dei fremste ekspertane innan faget, opprettar forskingssenter med mål å re-klassifisere diabetes, og persontilpasse behandlinga.

Neste
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
1/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
2/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
3/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
4/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
5/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
6/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
7/8
Åpning av PRESIS DIA
Foto/ill.:
Marte Ingeborg Stangenes
8/8
Tilbake

Hovedinnhold

Med suksessfaktorane; unikt pasientmateriale, avanserte metodar, og eit superteam, skal senteret arbeide for å heve kvaliteten på diagnostisering og behandling av diabetes. 

Dette var bodskapen, leiar og professor Pål R. Njølstad formidla då han innleia opningsarrangementet i Glasblokkene ved Haukeland Universitetssjukehus.

Trond Mohn stiftelse, Universitetet i Bergen (UiB), og Haukeland universitetssjukehus finansierer senteret, med i alt 52 millionar kroner dei neste fem åra.

– Eg er veldig takksam for samarbeidet vi har med Haukeland og med Mohn-stiftelsen, og eg gler meg til å sjå resultata og følgje dykk i åra som kjem, sa rektor ved UiB, Margareth Hagen før ho gav Njølstad den første av fleire blomstarbukettar denne dagen.

– Eg vil gjerne takke deg, og dine kollegaer for resultata dykk allereie har vist, og kvar gong eg ser deg kjem eg til å spørje etter nye resultat, utfordra administrerande direktør i Helse Bergen, Eivind Hansen. Han la også til at dette ikkje kunne vore realisert utan midlar frå Mohn stiftelsen.

Daglig leiar ved Mohn stiftelsen, Sveinung Hole, helste frå Trond Mohn som var på reise ved denne anledninga, og fortalde at det er kvalitet og potensiale til å gjere ein forskjell som avgjer kva prosjekt som får midlar frå stiftinga.

– Vi valde å gje pengar og ikkje blomar, sa han til latter frå salen, nokre Njølstad seinare svarte at han var glad for.

Gjer allereie ein forskjell

Ved det nye senteret skal ei gruppe på vel 30 forskarar studere årsaker til utvikling av diabetes gjennom heile livet. Forskinga vil integrere genetikk og cellebiologi, med klinisk informasjon frå dei store ressursane i nyleg etablerte Norsk Diabetes Biobank, Norsk diabetesregister for vaksne, Norsk MODY (Norwegian Maturity-Onset Diabetes of the Young)-register, Norsk barnediabetesregister og Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa). 

Også direktør ved Barne og ungdomsklinikken er begeistra for den nye satsinga, og ikkje minst plasseringa i Glassblokkene.

– Du gjer ein forskjell for barna vi behandlar, og du gjer allereie livet betre for mange barn, sa klinikkdirektør Ansgar Berg til Njølstad, før han la til at Njølstad i tillegg til å vere i eit framifrå team, også er ein framifrå pediater.

Diabetes er blant dei mest utbreidde sjukdommane både nasjonalt og internasjonalt. Om lag 350.000 nordmenn har diagnosen, det same gjeld for om lag 540 millionar menneske i verda. Dei siste åra er det gjort store framsteg innan forsking på diabetes. Det er blant anna oppdaga over 500 gen-variantar av dei vanlege diabetesformene, type 1 og type 2. 

Les også tidlegare omtale av senteret og sjå innslag i TV 2: https://bit.ly/3R8cTGR