Hjem
Det medisinske fakultet

Utfyllande studiereglement ved Det medisinske fakultet

Det utfyllande reglementet er vedteke i fakultetsstyret 6. desember 2023 og gjeld frå 1. januar 2024.

Hovedinnhold

Dette reglementet utfyller Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen og Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen. Ein må sjå dei utfyllande reglane i samanheng med desse forskriftene.

 

Forskrift om studium ved Universitetet i Bergen

Kapittel 2. Organisering av studia

§ 2-2 Studieprogram

Til (2j):

Obligatorisk rekkefølge på emna er regulert i studieplanen for desse studieprogramma (sjå studieprogrammet ditt for detaljar):    

a. Masterprogram i klinisk ernæring
b. Bachelorprogram i ernæring  
c. Bachelorprogram i tannpleie  
d. Integrert masterprogram i odontologi  
e. Medisinstudiet
f. Integrert masterprogram i farmasi

a-e: Eit krav om rekkefølge inneber at ein student som manglar bestått resultat i eit emne etter ordinær eksamen og tilhøyrande kontinuasjonseksamen, blir flytta ned eit kull for å kunne oppfylle krava til rekkefølga på emna.

f: For farmasistudiet gjeld andre reglar, sjå studieplanen.

Dersom ein student på eit av desse studieprogramma (a-f) manglar godkjend undervisningsaktivitet og dermed ikkje får gå opp til eksamen, blir studenten flytta ned eit kull for å kunne oppfylle krava til rekkefølga på emna. Sjå òg § 6-6 (2).

Kapittel 4. Studierett

§ 4-5 Tap av studierett

Til (1c):

Studentar som får opptak til eit anna studieprogram ved Universitetet i Bergen, og ønskjer å halde på den opphavlege studieretten sin ved Det medisinske fakultet, må søkja fakultetet om dette før fristen for semesterregistrering. Søknaden må vera grunngjeven. Slik dobbel studierett vil normalt ikkje bli godkjend.

Unntak er ved opptak til Forskarlinja, der det er ein føresetnad å ha studierett på anten Medisinstudiet eller Integrert masterprogram i odontologi samstundes med Forskarlinja.

Til (3):

Studentar på følgande studieprogram som er meir enn to år forseinka samanlikna med normal progresjon, kan få studieretten inndrege:

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie

Dette inneber at studenten ikkje kan bli flytta til lågare kull meir enn to gonger i løpet av studiet. Godkjend permisjon eller pause frå studiet blir ikkje rekna som forseinking.

Studentar på følgande studieprogram som er meir enn tre år forseinka samanlikna med normal progresjon, kan få studieretten inndrege:

  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi  
  • Medisinstudiet  

Dette inneber at studenten ikkje kan bli flytta til lågare kull meir enn tre gonger i løpet av studiet. Studenten kan likevel maksimalt gjenta same studieår to gonger. Godkjend permisjon eller pause frå studiet blir ikkje rekna som forseinking.

Kapittel 5. Tilpassing av studia og fråvær

§ 5-1 Søknad

Til (2):

Studentar på studieprogram med obligatorisk oppmøte fyrste studiedag må søkja fakultetet om utsett studiestart dersom det finst tvingande årsaker til at dei ikkje kan møta denne dagen.

§ 5-2 Permisjon

Til (3):

Studentar på følgande studieprogram har rett på plass på neste kull etter permisjon:

  • Masterprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie 
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Medisinstudiet  

§ 5-3 Pause frå studia

Til (3a-b):

Studentar på følgande studieprogram har rett til pause frå studia utan grunngjeving:

  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie 
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Medisinstudiet  

Slik pause blir fyrst godkjend etter fullført og bestått fyrste studieår for desse studieprogramma. Frist for å søkja pause er 1. februar/1. september det aktuelle semesteret ein ønskjer pause.

På integrert masterprogram i odontologi vil det ikkje bli gitt løyve til pause frå studiet frå det tidspunkt studenten har byrja på fjerde studieår.

§ 5-6 Rettar ved gyldig fråvær

Til (4):

Det vil alltid bli arrangert kontinuasjonseksamen dersom ein student står utan bestått resultat etter ordinær eksamen i eit obligatorisk emne på følgande studieprogram:

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie 
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Medisinstudiet  

Studentar som har bestått resultat i eit emne kan ikkje melde seg til kontinuasjonseksamen. Gjentak av beståtte eksamenar kan berre skje ved ordinær eksamen. Fakultetet kan vedta unntak for skriftlege eksamenar etter grunngjeven søknad, under føresetnad om at det skal vere kontinuasjonseksamen i emnet.

§ 5-7 Prinsipp for godkjenning

Til (1):

Opprykk til høgare kull etter godkjenning av tidlegare utdanning i enkeltemne eller heile studieår er avhengig av ledig plass på det aktuelle kullet.

Kapittel 6. Undervisninga

§ 6-5 Tilgang til undervisning

Til (5a-c):

Normalt blir det ikkje gitt tilgang til undervisning for studentar som:

a. tidlegare har følgt undervisinga og er innanfor perioden skildra i § 6-6 (3),
b. har bestått resultat i emnet eller
c. allereie har fått rettleiing i emne som gjeld bachelor- eller masterprosjekt.

§ 6-6 Obligatorisk undervisningsaktivitet

Til (2):

Dersom ein student på følgande studieprogram manglar godkjend undervisningsaktivitet og dermed ikkje får gå opp til eksamen (sjå § 5-6 (1) i studieforskrifta), blir vedkomande flytta ned eit kull for å kunne oppfylle krava til rekkefølga på emna i studieplanen, jf. § 2 (2j):

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Medisinstudiet

Kapittel 7. Eksamen

§ 7-3 Rett til eksamen

Til (2):

Studentar på følgande studieprogram kan ikkje endre rekkefølge på emna i utdanningsplanen:

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Medisinstudiet

Studentane er sjølve ansvarlege for å gjennomføra semesterregistreringa og sjekka at dei er melde til riktige emne, inkludert eventuelle kontinuasjonseksamenar.

Kapittel 8. Eksamensforsøk

§ 8-1 Talet på forsøk

Til (3a):

Studentar har to eksamensforsøk i emne med praksis som eksamensform. Dette inneber at studieretten blir inndregen dersom studenten ikkje har bestått praksis etter to forsøk, jf. studieforskrifta § 4-5 (1f). Det er mogleg å søkja om eit tredje forsøk, sjå vilkår i § 8-1 (4b).

Til (4b):

Det er mogleg å søkja fakultetet om eit fjerde eksamensforsøk i emne som er obligatoriske i utdanningsplanen til studenten. Søknaden må vera grunngjeven og dokumentert. Det blir ikkje gitt fjerde vurderingsforsøk i emne studenten allereie har bestått.

8-2 Teljande forsøk

Til (3):

Studentar på følgande studieprogram har ikkje høve til å trekkja seg frå eksamen i emne som er obligatoriske i studieprogrammet:

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Medisinstudiet

Kapittel 9. Sensur og vurderingsuttrykk

§ 9-7 Klage på karakter og formelle feil

Til (3):

Dersom det er meir enn tre veker mellom ulike vurderingsdelar i eit emne kan studenten anten klaga etter kvar vurderingsdel eller etter samla karakter er sett (gjeld ikkje mappevurdering).

Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen

Kapittel 2. Minstekrav for opptak

§ 2-1 Generelle føresegner

Til (8):

Studentar som på grunn av manglande progresjon har mista retten til å studera på eit av følgande studieprogram kan ikkje få opptak til studieprogrammet på nytt:

  • Masterprogram i klinisk ernæring
  • Bachelorprogram i ernæring
  • Bachelorprogram i tannpleie
  • Integrert masterprogram i farmasi
  • Integrert masterprogram i odontologi
  • Medisinstudiet