Medisinstudiet campus Bergen/Førde
Som student på campus Bergen/Førde tek du dei første tre studieåra av medisinstudiet i Bergen, og dei tre siste i Førde. På denne campusen er det 20 studieplassar, så du blir del av ei lita gruppe. De kjem til å samarbeide tett med både kvarandre og med undervisarar og legar.
Hovedinnhold
Om campus Bergen/Førde
Dei første tre studieåra vil du bu og studere i Bergen. Du vil få moglegheit til å bli kjend med ei rekkje andre medisinstudentar i tillegg til ditt eige kull, då mykje av undervisninga vil vere saman med studentar frå campus Bergen, campus Bergen/Stavanger og campus Bergen/Haugesund.
Etter tre studieår i Bergen flyttar du, saman med resten av kullet ditt, til Førde. Her vil du ha undervisning på og ved Førde sentralsjukehus. Delar av sjukehuset blei opna i 2024, så her får du moglegheit til å nyte heilt nye fasilitetar. I media har det blitt omtalt som «kanskje verdas beste og mest moderne sjukehus». Undervisninga i Førde vil vere klinikknær, og det vil vere fokus på arbeid i mindre grupper.
Førde er ein liten studentby der du blir lett kjend med andre. Høgskulen på Vestlandet (HVL) har også ein eigen campus her, med fleire helseutdanningar på bachelor- og masternivå. UiB og HVL har eit tett samarbeid. Du vil ha tilgang til ulike studentlokale, som simuleringsområde der du kan øve deg på medisinske prosedyrar, i tillegg til lesesal, bibliotek og kantine.
Det er eit godt og samansveisa studentmiljø i Førde. Du finn mellom anna Studentsamfunnet i Førde (SIF), som driftar Førdes studentbar Akutten. SIF arrangerer sosiale aktivitetar som quiz, konsertar og klatring, som er opne for alle studentar i Førde. Er du ekstra glad i sport og idrett, er kanskje Førde Studentidrett (FSI) noko for deg. Ønskjer du å opprette ein ny studentorganisasjon, kan Sammen hjelpe deg med det.
Førde kan også by på storslått natur og ei rekkje turområde. Førde er ein bra stad for alt frå fjellturar, stisykling, rafting og padling. Om vinteren er det gode moglegheiter for å stå på ski, både langrenn og slalåm på eitt av dei nærliggande skisentra.
Studiets oppbygging
Sjå studieprogramsida for medisin for å sjå kva for emne du skal ta dei første tre åra av studiet. Dei tre siste åra av medisinstudiet vil vere likt bygde opp, uansett kva for campus du vel å studere ved. I oversikta under kan du sjå kva for tema du vil lære endå meir om dei tre åra i Førde.
Fjerde til sjette studieår:
I Førde vil du lære meir om nevrologi, psykiatri, auge og øyre-nase-hals. Du vil også lære om ulike typar kirurgi, nyre/urinveg, kroppens hormonsystem, blod, hud og sjukdomsprosessar.
Du skal også innom tema som kvinnehelse, pediatri og genetikk. Du lærer om samfunns-, arbeids- og rettsmedisin, i tillegg til førebyggjande medisin, kreft og smertelindring ved livstruande sjukdom. Rus og internasjonal helse er også tema du skal innom.
I femte studieår skal du levere hovudoppgåva. Denne er eit sjølvstendig akademisk arbeid om eit tema du har fordjupa deg i.
I slutten av studieløpet skal du lære om allmenn- og trygdemedisin, fordøying, sirkulasjon, respirasjon og rørsleapparatet. Du vil også lære om trope-, akutt- og intensivmedisin.
I sjette studieår vil du mellom anna gå gjennom alt du har lært i løpet av studiet, og sjå på behandling av vanlege sjukdommar og akuttmedisinske tilstandar.
Merk: Det kan skje mindre strukturelle endringar i studieprogrammet (som rekkjefølgje på emne o.l.), då studieplanen er under revisjon.