Hjem
Det medisinske fakultet

Årets prisar

Fakultetsstyret delte óg i år ut pris for årets publikasjon, årets forskingsgruppe óg pris for framifrå forskingsformidling med bakgrunn i det som skjedde 2008. I tillegg til forskarprisane vart óg Studiekvalitetsprisen delt ut. Det spesielle i år var at det var tre vinnarar av sistnemnde pris.

Frå venstre: Bjørn Egil Vikse, Dag Moster, Anni Vedeler, dekanus Per Omvik,...
Frå venstre: Bjørn Egil Vikse, Dag Moster, Anni Vedeler, dekanus Per Omvik, Aurora Martinez, Vidar M. Steen, Oddrun A. Gudbrandsen, Gottfried Greve og Trond Markestad
Foto/ill.:
Lars-Petter Jevnaker

Hovedinnhold

Årets pris for framifrå forskingsformidling går til professor Trond Markestad, Institutt for klinisk medisin. Trond Markestad har lang røynsle både ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen og ved Haukeland Universitetsssjukehus. Hans kompetanse og entusiasme for faget har ført til mange verv i ulike utval og organisasjonar. Han står bak ei lang rekkje vitskaplege publikasjonar, som speglar internasjonalt leiande forsking innafor pediatri. Dette gjev han stor gjennomslagskraft i faglege samanhengar.

Pris for årets publikasjon gjekk til:

Dag Moster, Rolv Terje Lie og Trond Markestad

Long-term medical and social consequences of preterm birth. New England Journal of Medicine, 2008 Jul 17;359(3):262-73.

Bjørn Egil Vikse, Lorentz Irgens, Torbjørn Leivestad, Rolf Skjærven & Bjarne M. Iversen
Preeclampsia and the risk of end-stage renal disease. New England Journal of Medicine, 2008 Aug 21;359(8):800-9

Angel Luis Pey, Ming Ying, Nunilo Cremades, Adrián Velazquez-Campoy,
Tanja Scherer, Javier Sancho & Aurora Martinez

Identification of pharmacological chaperones as potential therapeutic agents to treat phenylketonuria. Journal of Clinical Investigation 2008;118:2858-67.

Prisen for Årets forskingsgruppe i 2008 gjekk til Dr Einar Martens forskingsgruppe for biologisk psykiatri under leiing av professor Vidar M.Steen.

Ved utdeling Studiekvalitetsprisen for studieåret 2008/2009 var det så mange gode framlegg til prisvinnarar at det vart fastsett at ein skulle dela prisen på tre:

Professor Anni Vedeler, ved Institutt for biomedisin for sitt arbeid med utvikling av "Biomedisinsk basalblokk", som undervises i første studieår for medisin-, odontologi-, ernærings- og farmasistudenter.

Seksjon for pediatri ved Institutt for klinisk medisin, for kvalitet og engasjement i sin undervising for profesjonsstudentar i medisin og andre studentgrupper. Seksjon for pediatri ved visestyrer Gottfried Greve (IKM) får prisen på bakgrunn av sitt engasjement for undervising og eit ypparleg undervisingsmiljø

Post doc Oddrun Anita Gudbrandsen ved Institutt for indremedisin, for sitt engasjement for fag og studentar på ernæringsstudiet (Bachelor i human ernæring)