Intelligente Bergen 2023
Kor går grensene for kva vi kan få til med kunstig intellligens i dag, og kva mulegheiter og farar bringjer det med seg? Kva er lov? Og kva er lurt? Vi samler landets framste forskarar og ekspertar for å finne nokre av svara.
Hovedinnhold
3. november 2023 inviterer Universitetet i Bergen til konferansen «Intelligente Bergen – kraftsenter for kunstig intelligens».
Intelligente Bergen skal samle næringsliv, offentleg sektor, forskarar og studentar i Bergensregionen for å få synleggjort forsking på og bruk kunstig intelligens (AI).
Konferansen utforskar nye samarbeidsmoglegheiter og opnar for dialog på tvers av fag og sektorar i regionen. Målet er å koble ulike aktørar og vise korleis kunstig intelligens brukast, studerast og utviklast ved ein bredde av sektorar i regionen, med særleg fokus på kva som er muleg, lovleg og lurt.
Konferansen er fysisk, og blir arrangert av UiB AI i samarbeid med Norwegian Cognitive Center, Helse Bergen og Bergen kommune.
Konferansen er fullteikna, men du kan registrere deg på venteliste her.
Dersom du likevel ikkje kan delta, gjer vennleg å melde deg av her. Då hjelper du oss å gjere arrangementet meir berekraftig, og gir plass til fleire frå ventelista.
Program:
Opning |
0900 - 1000 |
|
Del 1: Kva er muleg?Kor går grensene for kva vi kan få til med KI i dag, og kva moglegheiter og farar ser vi for oss? |
1000 -1130 |
|
1015 - 1030 Pause |
|
Del 2: Kva er lov?Kva vil ny lovgiving på nasjonalt og europeisk nivå ha å seie for norske verksemder? Kva etiske og juridiske retningslinjer må verksemder lage for kunstig intelligens? |
1130 - 1210 |
|
Lønsj |
1210 - 1300 |
Del 3: Kva er lurt?Er det lurt å utnytte alle moglegheiter innan kunstig intelligens, eller bør vi avgrense oss på nokre område? Korleis kan det brukast på ein ansvarleg og trygg måte? |
1310 - 1445 |
|
1350 - 1400 Pause |
|
Del 4: Panelsamtale: Optimisme eller bekymring? |
1445 - 1530 |
Med Malgorzata Cyndecka, Chris Ronald Hermansen, Klas Pettersen, Hilde G. Corneliussen, Catharina Nes. Panelleiar: Siri Kleiven Strøm |
Mat og mingling |
1530 - 1630 |