Hjem
Institutt for sosialantropologi
Masteroppgåve

Kvifor AA? Rusavhengige sine erfaringar med sjølvhjelpsorganisasjonen AA

Hovedinnhold

Masteroppgåve levert ved Institutt for sosialantropologi, våren 2019.

Av: Susann Melani Waszak Smørdal
Rettleiar: Førsteamanuensis Mary Bente Bringslid

Dette er ei masteroppgåve om menneske som er medlem av organisasjonen og fellesskapet AA, Anonyme alkoholikarar. Hendingane og forteljingane eg vil referere til i denne oppgåva er basert på sosialantropologisk feltarbeid ved ulike AA-grupper i ein by i Noreg. Gjennom oppgåva ynskjer eg å setje lys på kor viktig AA-fellesskapet er for medlemmane, og og kvifor AA-fellesskapet fungera for dei. Oppgåva har spesielt fokus på AA sin metode på møte; å dele personlege historier. Personlege historier blir i AA viktige for å hjelpe andre med å identifisere seg sjølv som ein alkoholikar. Dei forstår seg sjølve betre gjennom andre, og gjennom AA sin definisjon av ein alkoholikar. Nykommaren blir transformert frå ein ikkje-alkoholikar som drikk, til ein ikkje-drikkande alkoholikar i tilfriskning gjennom å høyre andre fortelje/dele sine historier. Vidare går oppgåva inn på rituelle trekk ved AA før eg til slutt skriv om AA sitt minefelt: Religion og gud. Eg vil også prøve å sette lys på nokre av årsakene til at AA kan vere problematisk. Mine empiriske eksempel diskutera eg i forhold til teoretisk rammeverk og tidlegare forsking på fagfeltet. Mine to viktigaste innfallsvinklar er narrativ teori og ritual.  Narrativ teori fordi forteljingar og framstillingar som narrativ som reiskap var viktig for mine informantar. Ritual fordi AA med fordel kan analyserast ved hjelp av ritual teori.