Hjem
Institutt for sosialantropologi
masteroppgave

«Ein må tole å bli skitten på fingrane» - Ein studie av identitet og fellesskap blant unge i industristaden Odda

Hovedinnhold

Av: Kari Hilde Folgerø-Holm
Veileder: Professor Eldar Bråten

Denne masteroppgåva handlar om identitet og fellesskap blant ungdom i industristaden Odda i Hardanger. Odda er ein av stadane som på byrjinga av 1900-talet var ein del av industrialiseringa i Noreg. I dag er det framleis to store fabrikkar i kommunen som sysselsett mange av innbyggjarane. Då hyrnesteinsbedrifta Odda Smelteverk vart lagt ned i 2003, vart det knytt usikkerheit til lokalsamfunnets avhengighet av industri. I nyare tid har likevel optimismen rundt dei resterande fabrikkane blomstra, blant anna grunna nye investeringar og planar om utviding.

Fleire forskarar har peikt på at avindustrialisering og ein aukande servicesektor i den vestlege verda har skapt nye vilkår for identitetsdanning blant unge frå den tradisjonelle arbeidarklassen. Eg spør korleis arbeidaridentitet og fellesskapskjensle blant ungdom kjem til uttrykk i ein lokal kontekst der industrien fortsatt spelar ei viktig rolle. Med inspirasjon frå blant anna Sverre Lysgaard sin sosiologiske studie Arbeidarkollektivet frå 1961, utforskar eg om ungdommane i Odda, i hovudsak gutar som er i overgangen frå utdanning til arbeid, kjenner på ein liknande form for kollektivistisk (arbeidar)fellesskap slik som tidlegare generasjonar har gjort, eller om dei heller kan seiast å vere prega av individualiserte orienteringar. Oppgåva har ei fenomenologisk tilnærming som fokuserer på den subjektive erfaringsverda og tek for seg korleis ungdommane oppfattar seg sjølv og andre. Gjennom det sosiologiske omgrepet interseksjonalitet argumenterer eg for at sosiale kategoriar som kjønn og klasse er tett knytt opp til ungdommane si identitetsdanning. Til slutt argumenterer eg for at det antropologiske omgrepet intersection kan bidra med å gi ei breiare forståing av ungdommane i Odda si identitetsdanning, då også andre relevante differensieringskategoriar kjem til uttrykk.