Hjem
Institutt for sosialantropologi
Antropologer i arbeidslivet

Journalist i NRK Vestland

- Sosialantropologi er superspennande! Du kan velga å skriva både bachelor og master om (nesten) akkurat det du sjølv vil. Når du er ferdig har du eit veldig godt utgangspunkt å bygga vidare på i enormt mange forskjellige yrke. Den fridomen er fantastisk, sier Synne Sørenes.

Hovedinnhold

Aller gøyast er det når eg knekk koden på noko eg ikkje har forstått tidlegare og får formidla det vidare på ein enkel og interessant måte

Fullført grad: 2020

Kan du fortelja litt om arbeidet ditt? Kva er dei konkrete arbeidsoppgåvene dine?

Eg jobbar som nyheitsjournalist i NRK Vestland. Der har eg mange og varierte arbeidsoppgåver. Tidlegare har eg vore programleiar på radiosendingane våre på P1. No jobbar eg meir som reporter, der eg skriv og produserer eigne saker til TV, nett og radio. I tillegg jobbar eg med løpande nyheiter på desk, der eg skriv nettsaker eller les nyheiter på radio.

Kva er det beste med jobben din – og det mest utfordrande?

Det beste med jobben min er folka, både kollegaene mine og personane eg møter når eg er ute og lagar journalistikk. Og så elskar eg tempoet og nyheitstrøkket. Det verste er når det er skikkeleg nyheitsstille, men heldigvis er det sjeldan i Noregs nest største by. I tillegg er eg veldig glad i å setta meg inn i nye saker og univers. Aller gøyast er det når eg knekk koden på noko eg ikkje har forstått tidlegare og får formidla det vidare på ein enkel og interessant måte. Det mest utfordrande er også det aller beste, at ein må bruka seg sjølv, sine eigne idear og sin eigen kreativitet. Utfordrandre fordi ein alltid er "på", men best fordi eg har mykje eg vil få til!

Kva skreiv du masteroppgåve om?

Eg skreiv masteroppgåva om frivillig arbeid og turisme i Costa Rica. Fokuset låg på meininga med arbeid og kvifor nokon vel å arbeida utan å få betalt i form av pengar. Tittelen på masteren var "Frivilligturisme og bullshit jobs: om arbeid, kapital og søppel". Det var mykje søppel og mange folk på jakt etter meining.

Korleis er utdanninga di relevant for deg i arbeidslivet?

Det er mykje som er likt mellom det å vera antropolog og det å vera journalist. Det mest framtredande er kanskje skrivinga. Som antropolog skriv du gjerne "friare" enn andre samfunnsvitarar og erfaringa frå både bacheloroppgåva og masteren har definitivt gjort meg til ein betre skrivande journalist. I tillegg er det mykje i det antropologiske arbeidet som er relevant i jobben som journalist. Ein må skaffa seg informantar og finna ut om det dei seier er påliteleg eller ikkje. I mange miljø kan det vera lurt å bli kjent med ein "gate keeper", som gjer deg tilgang til andre informantar. Ein må alltid ha fokus på etikk, både som journalist og som antropolog, og vera klar på kva rolle ein har i møte med andre.I tillegg er det utan tvil hjelpsamt å ha erfaring med å både leita etter og lesa rapportar i jobben som journalist.

Korleis opplevde du overgangen frå studium til arbeidsliv? Har du nokre tips til noverande studentar? 

Overgangen frå studier til arbeidsliv var enormt stor. Det aller vanskelegaste for meg var å utføre oppgåver utan å få karakter eller vurdering undervegs. Etter 19 år på skulebenken var det utfordrande å plutseleg skulle levere frå seg eit arbeid utan å få ein standarisert bekreftelse på at det var av topp kvalitet. Mogleg eg er eit resultat av generasjon prestasjon, men eg er neppe den einaste. Mitt tips er derfor: Drit litt i den karakteren. Jobb med det som interesserer deg og gjer ein god jobb fordi du syns det er spanande, ikkje fordi du skal få ein A.

Kvifor valde du å studera sosialantropologi?

Eg hadde tre såkalla "friår" etter vidaregåande, der eg reiste og jobba. Eg utsatte studiestart så lenge fordi eg ikkje viste kva eg ville jobba med. Til slutt bestemte eg meg for å studera noko som interesserte meg, utan å fokusera så mykje på jobben eg ville få etterpå. Med interesser for samfunnsfag, politikk, religion og litteratur falt valet på sosialantropologi. Det er eg glad for no! Sosialantropologi er superspennande! Du kan velga å skriva både bachelor og master om (nesten) akkurat det du sjølv vil. Når du er ferdig har du eit veldig godt utgangspunkt å bygga vidare på i enormt mange forskjellige yrke. Den fridomen er fantastisk.

Kva synest du var det beste med studietida ved UiB?

Det beste med studietida ved UiB var folka og fridomen. Eg møtte så mange kule og inspirerande personar og eg fekk fridom til å finna ut av kva eg eigentleg ville med livet. Sjølv om eg ikkje elska det undervegs, kan eg faktisk sjå på SV-bygget og sakna tida på lesesalen då eg skreiv master. Å produsera ein 100 sider lang tekst om noko du bryr deg om er eit sjukt stort privilegium.

 

Publisert 2023.