Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Nyhet

Akta utmerkingar til Lars A. Akslen og CCBIO

Helse Vest sin forskarpris 2023 går til Lars Andreas Akslen og CCBIO for si banebrytande forsking på tumormarkørar i kreftforsking. Denne hausten har også gjeve fleire akta utmerkingar til Akslen, ettersom han nyleg blei vald som medlem av prestisjetunge Academia Europaea.

Portrait of Lars A. Akslen next to the Helse Vest Research Award diploma.
Foto/ill.:
CCBIO, Thor Brødreskift

Hovedinnhold

– Akslen er ein verdig vinnar av forskingsprisen, fortel fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest (sjå artikkel her i Helse Vest). – Han har vore sentral for den moderne kreftforskinga i mange år, både på Vestlandet og i resten av landet. Han er hovudpersonen bak oppbygginga av forskingssenteret CCBIO, som er ein viktig motor for kreftforskinga. Akslen har også eit stort nettverk og er tett knytt opp mot faggrupper og miljø både nasjonalt og internasjonalt, seier Vikse. 

Finne rett pasient til rett behandling

Lars Andreas Akslen (65) er professor i patologi ved Klinisk institutt 1 ved UiB, og er leiar for CCBIO, der han også er leiar for kreftforskingsgruppa Tumor Biology Research Group. Han arbeider også som overlege på Haukeland sjukehus. I forskinga si har Akslen studert molekylære endringar i kreftsvulstar og korleis biomarkørar kan bidra til å gje informasjon om kor aggressive svulstane er. Dette er viktig for å identifisere rett pasient til rett behandling. Akslen har særleg forska på korleis svulstar dannar si eiga blodforsyning (angiogenese) og korleis denne prosessen kan målast i vevsprøver frå kreftsvulstar.

CCBIO mot sin neste fase

CCBIO blei etablert i 2013 som eit Senter for framifrå forsking (FFS) med tiårig støtte frå  Norges Forskningsråd. Senteret har fokus på nye kreftmarkørar og målretta behandling og fokuserer særleg på mekanismar knytta til korleis kreftceller blir påverka av mikromiljøet i svulstane, og den betydning dette har for kreftspreiing og dårleg prognose. Senteret vil no frå 2024 gå over i sin neste fase. CCBIO 2.0 vil halde fram med ei rekkje aktivitetar som er etablert i løpet av desse åra: dei mange vitskapelege initiativa og samarbeida innan CCBIO og med internasjonale og nasjonale partnerar, utdanningsprogrammet gjennom CCBIO Research School for Cancer Studies (RSCS) og CCBIO Masterclass Program, kommunikasjons- og medieinnsats, og dei mange aktivitetane som blei etablert for å skape og fremje eit vitskapeleg miljø til støtte for framifrå forsking samt karriereutvikling for dei yngre forskarane i senteret. Denne neste fasen av CCBIO blir økonomisk støtta av UiB sentralt og fleire kjelder for ekstern finansiering.  

– Prisen er ei stor anerkjenning for den forskinga vi har utført ved CCBIO men også for måten vi har organisert og utvikla senteret på, seier Lars A. Akslen. – CCBIO-modellen har vore å legge vekt på originale prosjekt, men også utdanning, god formidling, og i det heile det å skape ein stimulerande og åpen forskingskultur. Tildelinga av denne prisen er svært gledelig og ei stor oppmuntring for vidare arbeid i CCBIO.

Medlem av Academia Europaea

Dette haustsemesteret har kome med også ei anna anerkjenning, ettersom Lars A. Akslen nyleg blei vald inn som medlem av Academia Europaea. Academia Europaea er eit europeisk vitskapsakademi som består av individuelle medlemer. Medlemsskap er kun etter invitasjon og etter nominering frå grupper av kolleger, og etter nøye undersøking og verifisering av personen sin høge vitskapelege standard og ekspertise på sitt felt. 

Gratulerer til CCBIOs direktør med begge desse velfortente utmerkingane!