CCBIONeur910: Brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, 2025
Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og vil mellom anna vise metodar i å involvere pasientrepresentantar. Dette er i høgste grad aktuelt for alle biomedisinske forskingsfelt. Pasient- og brukarmedverknad har ein dokumentert positiv verknad på relevansen og effekten av medisinsk forsking.
Hovedinnhold
Hovudføremålet med kurset er å utvikle deltakaren si emne til å vurdere og formidle meirverdi av brukarmedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt. Kurset gjev kunnskap om bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking, og om korleis brukarmedverknad er dokumentert til å påverke medisinsk og helsefagleg forsking, gjennomføring av kliniske studiar og bruk av forskingsresultat. Det gjev også kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukarmedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt – frå planlegging til prosjektgjennomføring og publikasjon, kjennskap til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukarmedverknad i forsking.
Kurset er eit samarbeid mellom CCBIO, Neuro-SysMed, REMEDY, NorHEAD, MATRIX, NorCRIN og FORMI, og prosjektet er støtta av stiftelsen Dam gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen. Nina Jebsen (CCBIO), Kjell-Morten Myhr (Neuro-SysMed) og Tone Skår (Neuro-SysMed og VIS) har emneansvar for kurset. Koordinatorar er Anne Therese Kjellevold Hatle Anne.Hatle@uib.no og Synne Geithus synne.geithus@uib.no frå Neuro-SysMed, og stipendiat Tessa Lohr Tessa.Lohr@uib.no frå CCBIO.
Kurset går over tre dagar (7.–9. mai 2025), og utgjerast av førelesingar, gruppearbeid og diskusjonar, med presentasjonar frå nasjonale og internasjonale føredragshaldarar.
Undervisingsspråk er norsk med enkelte innlegg på engelsk.
Når: 7.–9. mai 2025
Stad: Undervisingrom på EITRI, campus Haukeland Universitetssjukehus.
Program: Ikkje klart enno, men du kan sjå tilsvarande program for ifjor og få eit inntrykk av korleis det vil vere.
Registrering: UiB-studentar melder seg på via Studentweb med frist 1. februar 2025. Andre ph.d.-studentar frå andre nordiske universitet er også velkomne – med registrering via Søknadsweb. Fristen er 1. februar 2025 også her.
Tilgjengeleg for brukarrepresentantar: Kurset har ein visst antal plassar, og deltaking for ikkje-studentar er først og fremst for brukarrepresentantar frå pasientorganisasjonar. Registrering for desse er tilgjengeleg via denne registreringslenka. Fristen er 1. februar 2025 også her. Merk at vi kan ikke garantere at du har fått plass før vi har gått gjennom listene og stadfesta plassen for deg.
I fall svært stor interesse, vil vi måtte vurdere samansetninga av studentar og brukarrepresentantar etter fristen. Studentar knytta til CCBIO og Neuro-SysMed sine forskarskular vil ha prioritet, samt studentar tilknytta partnarorganisasjonane. Brukarrepresentantar/pasientorgansasjonar oppfordrast til å melde seg på, og vil få tildelt eit visst antal plassar.
Kurset er gratis.
Studiepoeng: 2 ECTS.
Språk: Dette kurset vil hovudsakleg bli halde på norsk.
Du finn meir informasjon på studentsidene.
Partnarar i kurset: