INTPART-støtte til CCBIO-Harvard prosjekt
CCBIO søkte om 4,5 millionar kroner over 3 år og har no fått innvilga støtte frå INTPART-programmet til Forskningsrådet (NFR) og Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).
Hovedinnhold
Utvikle fleire verdsleiande forskargrupper i Norge
– SIU er nøgd med at det kom inn ei stor mengde søknadar av høg kvalitet. Partnarskapa som no har fått innvilga middel gjennom INTPART legg til rette for god kobling mellom utdanning og forsking. Partnarskapa inkluderar ph.d.- og masterstudentar i samarbeid mellom dei aller beste fagmiljøa på sine felt. Norske studentar vil få rettleiing og undervising av forskarar frå verdsleiande universitet, seier Gro Tjore, konstituert direktør på SIU i ei pressemelding.
Direktør i Forskningsrådet, Arvid Hallén, meiner INTPART kan bli eit nyttig verkemiddel for å etablere og styrke kontakta mellom norske og internasjonale forskingsmiljø.
‒ Eg har tru på dette programmet. For å utvikle fleire verdsleiande miljø må norske forskarar kome seg ut, og vi må få fleire utanlandske forskarar hit. Middel frå INTPART-programmet vil kunne gå til å dekke seminarutgifter, sommarkurs og utvekslingsopphald, men også til langsiktige forskingsprosjekt og utvikling av felles studieprogram og gradar for å utvikle varige band mellom framifrå institusjonar.
‒ Det unike er at vi no slår saman fleire typar finansiering til éin samla pott for å stimulere til internasjonale partnarskap. På denne måten meiner vi at vi kan få fram bærekraftige og spenstige institusjonssamarbeid som gjerne kan byggje på fleire forskingstema. Vi vil finansiere ein heilskapleg portefølje av sterke partnarskap, seier Hallén.
Samarbeid mellom CCBIO og Harvard
Prosjektet har fått namnet “Bergen-Harvard Cancer Studies: A Partnership for Excellent Education and Research” og er eit samarbeid mellom CCBIO og to avdelingar i verdsklasse frå Harvard Medical School og Harvard Kennedy School. Målet er å etablere eit langsiktig partnarskap der framifrå utdanning er forankra i framifrå forsking.
Eksisterande og nye kurs i CCBIO sin forskarskule vil bli utvikla til å inkludere forelesarar frå Harvard. Alle kurs vil bli lansert også på masternivå, med full integrering av studentar frå forskarlinja og andre masterprogram.
Alle studentar med relevant bakgrunn vil bli innlemma i dei pågåande forskingsaktivitetane til CCBIO og partnarane, med vitskapelege publikasjonar som det endelege målet.
Det vil bli etablert ein høg grad av student- og tilsettmobilitet. Dette vil resultere i enda betre kvalitet på utdanninga og utvikling av nye typar kompetanse i norsk akademia, til dømes ELSA læreplanar i forskarutdanninga av morgondagens kreftlegar, forskarar og leiarar. Det vil også føre til meir utstrakt forskingssamarbeid, som igjen vil betre utdanningsløpet for norske masterstudentar. Auka kontakt og mobilitet vil også vere viktig for doktorgradsstudentane sine moglegheiter til å få samarbeidspartnarar og relevant vertskap for sine utlandsopphald.
Førebuing til fleire felles søknadar om forskingsmiddel
CCBIO vil etablere fleire bistillingar med tilsette frå sine partnarar, noko som kan leie til fleire felles søknadar om forskingsmiddel for stipendiatar og studentar. CCBIO ventar at eit slik tettare samarbeid med sine partnarar vil resultere i at CCBIO blir ein enda meir attraktiv samarbeidspartnar for næringsaktørar. ELSA-samarbeidet er også venta å fortsetje og utvide sin aktivitet på formidling og utdanning til nasjonale og internasjonale helsepolitiske miljø, inkludert EU og Europarådet, og dermed bidra til å føre CCBIO sine forskingsaktivitetar og utdanning langt utover universitetssamfunnet.
Les også artikkel i På Høyden: Fire UiB-miljøer får INTPART-midler