Hjem
Centre for Cancer Biomarkers
Nyhet

Strategimøte for kreftgeneralane

Ute er det fuglekvitter og heite solstrålar. Inne er det kalde fakta om biomarkørar og immunterapi, inkludert forsking som kan ende med krefttesting via urinprøver. Årets CCBIO-symposium famnar vidt.

Bilde fra en fullsatt sal på det årlige CCBIO symposiet 2016.
God stemning i den fullsatte salen under CCBIO sitt årlege symposium på Solstrand 10. og 11. mai 2016.
Foto/ill.:
Thor Brødreskift

Hovedinnhold

-CCBIO har gjort imponerande ting, dei er på høgde med dei beste i USA, slår kreftforskar Marsha Moses fast. Ho kjem frå Harvard Medical School og er ein av verdas fremste innan sitt fagfelt – biomarkørar i urin som kan avsløre kreft.

Slag for slag i kampen mot kreft

Moses er ei av over 200 kreftforskarar som er samla på Solstrand Hotell i Os på CCBIO (Centre for Cancer Biomarkers) sitt symposium. Toppmøtet fungerer som yngleplass for deling av kunnskap om biomarkørar, eller kreftsvulstane sine unike fingeravtrykk. Ved å studere desse kan ein lære stadig meir om korleis dei ulike typane kreft utviklar seg, kva som får svulstar til å vekse – og ikkje minst, kva som er den mest effektive, skreddarsydde behandlingsmetoden.

-Å treffast på denne måten er jo særs viktig for at vi som forskar på kreft skal halde oss oppdaterte , seier leiar i CCBIO, Lars A. Akslen.

-For at vi saman skal klare å vinne over kreftsjukdommen slag for slag, så treng vi å samarbeide med dei beste innan sine felt. Då er slike møteplassar som dette heilt naudsynte for å etablere nye nettverk og få i stand fleire forskingssamarbeid. Berre slik kan vi bli enda betre og lære meir. Du veit, vi forskar på kreftsvulstane sitt mikromiljø og ser kva det betyr for utvikling av sjukdommen. Utan samanlikning for øvrig, dette møtet er altså CCBIO sitt mikromiljø, smiler han.

Akslen er opptatt av å tenke nytt, også når det gjeld forsking.

-Eg meiner vi aldri må slutte å tenke utanfor boksen. Vi skal vinne over kreft ved å jobbe knallhardt framover, forskarar over heile verda. Vi skal samarbeide, og vi skal sjå resultat. Og så må vi kombinere etablerte, gode forskingsmetodar med å tenke nye tankar.

Tiss på ein pinne - er du kreftfri?

Ei som har våga å tenke nytt er professor Marsha Moses frå Harvard. Ho forskar på proteinmarkørar i urinen. Hovedpoenget er å diagnostisere kreft så tidleg som mogleg.

-Til og med dårlege medisinar kan faktisk fungere godt mot kreft, så lenge dei blir tekne tidleg nok, seier ho.  

-Men til slutt blir det for seint. Så det var slik det starta for vår del, at vi ville prøve å finne metodar som kan avsløre kreft på eit tidleg stadium. Då er protein i urinen ei gullgruve for å finne biomarkørar. Og så er det jo både enkelt og smertefritt å ta ei urinprøve, fortel Moses, som er leiar av the Vascular Biology Program på Boston Children’s Hospital.

Marsha Moses og teamet er allereie i gang med å kommersialisere krefttestane.

-Eg er optimistisk når det gjeld dette feltet, og eg er sikker på at i framtida kan vi ved hjelp av urinprøver få sjekka om vi har kreft på eit tidleg tidspunkt. Det kan spare samfunnet for store pengar, seier ho.

Follow the money

Pengar har dei siste åra blitt eit heitt tema innan kreftbehandling. Forskinga har nemleg gjort at det har blitt utvikla meir og meir effektive medisinar. Men dei er kostbare. Sjølv for eitt av verdas rikaste land. Skal nokre få meir av kaka, så blir det mindre til andre grupper.

John Cairns frå London School of Hygiene and Tropical Medicine er knytt til CCBIO som deira ekspert på helseøkonomi. Han har også teke turen til Solstrand i dag.

-Det er no eingong slik at helsebudsjett ikkje er utømmelege, sjølv ikkje i Noreg, seier han.

-Derfor vil desse debattane berre komme meir og meir framover. Alle skjønnar at det er fortvilande å få ein dødeleg sjukdom, å vite at der finst medisinar som kan gje ein ny sjanse til å leve vidare – men så får ein ikkje tilgang på det fordi styresmaktene ikkje har godkjent bruken. Det er lett å forstå at folk blir opprørte. Så vil dei fleste også forstå at også andre pasientgrupper treng pengar til behandling. Og så er det gjerne slik at folk flest er opptekne av fleire ting enn føflekkreft, dei vil gjerne ha betre vegar, meir fokus på gode skular, lågare skatt, den slags.

Problemet er sjølvsagt at dei som er rike uansett kan få tilgang på dei dyraste, mest effektive kreftmedisinane. Og så må resten klare seg med det nest beste. Eit slikt samfunn er det få som vil ha, trur eg. Så det er mange hensyn å ta når det gjeld pengebruk og kreftbehandling.

Cairns forskar på korleis biomarkørar kan gjere kreftbehandling meir samfunnsøkonomisk.

-Det vi håpar på er at ved å kunne kartlegge ein pasient sine biomarkørar kan vi finne akkurat den rette medisinen for akkurat den krefttypen pasienten har. Då ville ein unngått å bruke mykje tid og pengar på å prøve seg fram, seier han.

-Biomarkørar kan bety mykje meir og betre kreftbehandling for pengane. Vi står i startgropa, og eg er spent på å følge med framover, avsluttar Cairns.    

Det er blitt pause på symposiet, og engasjerte forskarar samlar seg i små grupper ute. Dei myser mot sola og diskuterer engasjert. Latteren sit laust og kaffikoppar klirrar. Sjølv kreftgeneralar treng rekognosering ispedd fuglekvitter av og til.