Hjem
Digital Lab
Digital lab

Minikurs: Korleis handtere språkdata etter beste praksis?

Planlegg du å gå i gang med eit forskingsprosjekt der du eller forskingsgruppa di skal samla inn og handtera data? Eller skal du rettleia ein student som skal i gang med eit slikt prosjekt? På dette minikurset vil du få ei praktisk innføring og oppdatering på beste-praksis-tilrådingar for datahandtering.

Illustration of a computer on a work desk
Foto/ill.:
Colourbox

Hovedinnhold

Bakgrunn

Det er utvikla gode standardar, retningslinjer, datalager og dataverktøy for arbeidet med språklege data. Likevel er det framleis ei utfordring å styrkje e-vitskapen på det språkfaglege området i tråd med FAIR-prinsippa. At verktøy og standardar finst, er ikkje i seg sjølv nok til å oppnå denne dreiinga.

Læringsutbyte

Målet med dette kurset er å hjelpa deg med å få dreis på datahandtering alt frå søknad og planlegging og gjennom heile prosjektet. Det vil også hjelpa deg med å oppfylla krav og tilrådingar frå institusjonen din, finansiørar (t.d. EU, NFR) og utgjevarar (t.d. tidsskrift).

Innhald

Minikurset startar med ei innføring i generelle prinsipp for god datahandtering, og er deretter delt inn i tematiske bolkar etter dei ulike fasane i eit forskingsprosjekt. Kvar bolk startar med ein kort introduksjon etterfølgd av praktiske øvingsoppgåver og tid til spørsmål og diskusjon. Dei aktuelle bolkane er:

  1. Om FAIR handtering av språkdata
  2. Planlegging
  3. Innsamling og søk
  4. Bearbeiding og analyse av data
  5. Arkivering/publisering av data

Kurshaldarar

  • Rune Kyrkjebø (UiB)

  • Helene N. Andreassen (UiT) 

  • Trond Kvamme (Sikt) 

Arrangør

Minikurset blir arrangert av partnarar i prosjektet Clarino+, mellom dei er UiT Noregs arktiske universitet, Universiteta i Bergen og Oslo, samt Norges handelshøyskole NHH og Sikt (tidlegare Norsk senter for forskingsdata).