Ny dagleg leiar i BECCLE
Førsteamanuensis Bjørn Olav Johansen er utnemnd som ny dagleg leiar av Senter for konkurransepolitikk (BECCLE).

Hovedinnhold
Bjørn Olav Johansen arbeider i dag som førsteamanuensis ved Institutt for økonomi ved UiB, og har sidan oppstarten av BECCLE vore affiliert med senteret. Han gler seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver.
— Det er kjekt å vere ein del av eit tverrfagleg miljø, og spanande å kunne vere med på å utvikle det vidare, seier Johansen.
BECCLE ble etablert i 2011 og er eit samarbeidssenter mellom Norges Handelshøyskole (NHH) og Universitetet i Bergen. Senteret fungerer som ein møteplass mellom økonomar og juristar som er interessert i konkurransepolitiske spørsmål.
Johansen tok over stafettpinnen 1. november etter professor Tommy Staahl Gabrielsen, som frå 1. august blei instituttleiar ved Institutt for økonomi.