Pensjonsreforma skal evaluerast
Professor Kjell Vaage er oppnemnd til utvalg som skal evaluere pensjonsreforma.
Hovedinnhold
Regjeringa oppnemnde fredag 12. juni eit utval som skal evaluera pensjonsreforma som vart innført i 2011, der økonomiprofessor Vaage er eit av medlemene. Vaage er tilsett som professor ved Institutt for økonomi ved Universitetet i Bergen.
I kunngjeringa frå regjeringa vert det lagt vekt på at utvalet har fått omfattande oppgåver. Det skal evaluere om dei langsiktige måla for reforma kan verte nådd, men det skal også vurdere behovet for justeringar som kan sikre den økonomiske og sosiale bærekrafta i pensjonssystemet. Samtidig som pensjonsystemet skal gi gode pensjonsnivå skal det sikre ei rimeleg byrdefordeling både innad i kvar generasjon og mellom generasjonane. Det er derfor viktig å halde fast ved hovudprinsippa i pensjonsreforma.
Utvalget har denne sammensetninga:
•Kristin Skogen Lund, konsernsjef, Oslo (leiar)
•Steinar Fuglevaag, spesialrådgivar, Oslo
•Ola H. Grytten, professor, Bergen
•Christl Kvam, kommunedirektør, Gjøvik
•Marianne Marthinsen, stortingsrepresentant, Oslo
•Hilde Olsen, nasjonal ekspert, Oslo
•Axel West Pedersen, professor, Bærum
•Jon Håvard Solum, administrerende direktør, Grong
•Terje Søviknes, nestleiar, Bjørnafjorden
•Ragnar Torvik, professor, Trondheim
•May Britt Vihovde, administrasjonssekretær, Haugesund
•Kjell Vaage, professor, Bergen
Utvalet skal levera si utgreiing innan 1.mars 2022.