Hjem
Institutt for økonomi

Må framtidige generasjonar betala for at våre velferdsutgifter er i ubalanse?

Dersom utviklinga i offentlege utgifter og offentlege inntekter held fram som no, vil vi overlevera eit underskot til kommande generasjonar.

Hovedinnhold

Viktigaste årsaka til underskotet er det aukande antalet eldre, som gjer at pensjonsutgifter og helseutgifter vil auka kraftig i åra som kjem. Ikkje ein gong oljefondet og framtidige petroleumsinntekter er tilstrekkeleg til å dekka opp for underskotet. Då må enten skattane auka eller dei offentlege utgiftene reduserast.

Dette kjem fram i generasjonsrekneskapsanalysar utført av Bernd Raffelhüschen og Christian Hagist ved Universitetet i Freiburg, saman med Alf Erling Risa og Erling Vårdal ved Institutt for økonomi. Generasjonsrekneskap er ein metode som analyserer statsbudsjettets inntekts- og utgiftsside over ein lang tidshorisont, for å vurdera om dagens budsjettpolitikk og åtferdsmønster gir langsiktig økonomisk balanse. Forskarane har brukt denne metoden til å vurdera den langsiktige statsfinansielle balansen i Noreg. Ei videreføring av dagens skatte- og forbruksnivå (2009) vil føra til eit framtidig innstramingsbehov på 17% auke i skattar og avgifter for at økonomien skal komma i langsiktig balanse, sjølv om heile oljeformuen blir brukt. Pensjonsreformen medfører rett nok ei langsiktig innstraming som reduserer den nødvendige skatteauken for langsiktig balanse til 12%. Ein generasjonsrekneskap i ubalanse betyr at framtidige generasjonar må finansiera ein del av våre manglande innbetalingar. Det er derfor berre innstraming i pensjonane eller skatteauke for dei av oss som snart skal bli pensjonistar som verkeleg vil letta byrdene for framtidige generasjonar. Vidare utsetjing, som det har blitt tatt til orde for, vil auka ekstrabyrden på våre barnebarn.

Rapporten “Long-Term Fiscal Effects of Public Pension Reform in Norway – A Generational Accounting Analysis” er tilgjengeleg i skriftserien til Gruppe for trygdeøkonomi, der Raffelhüschen og Risa er assosierte medarbeidarar.

Forskingsresultata er også tema for eit oppslag i Dagens Næringsliv i dag.