Samfunnsvitskap i lab'en
-Bruken av eksperiment opnar for heilt nye moglegheiter innafor fagfeltet økonomi, seier professor Gaute Torsvik
Hovedinnhold
I eit oppslag På Høyden er eksperiment innan samfunnsforsking tema. Gaute Torsvik er professor i samfunnsøkonomi ved Institutt for økonomi, og han har nytta laboratorieeksperiment i forskinga.
-Innan økonomien vert ulike sider ved økonomiske transaksjonar belyst ved hjelp av eksperiment. Mykje økonomisk teori tar utgangspunkt i individ som handlar med kløkt for å sikre sine eigne (eller familiens) økonomiske interesser. Ein kan bruke eksperiment både for å teste (i) kor kløktige (rasjonelle) økonomiske aktørar er og (ii) om (og når) eigen økonomisk vinst er ei dominerande drivkraft. Kan til dømes moral og ønsket om å innfri samarbeidsnormer for å unngå skuld og skam få individ til å ta ein personleg kostnad for å hjelpe andre? Spørsmålet er viktig. Det er sjeldan mogeleg å regulere alle aspekt ved ein handel gjennom bindande kontraktar. Då er det viktig å kartleggje i kva grad det finst andre kjelder til tillit og samarbeid, seier Gaute Torsvik.
Les oppslaget i På Høyden her.
Les også informasjon om seminarserien Experiments in the Social Sciences hausten 2010 her.