Hjem
Institutt for økonomi
Forskning

Tverrfagleg forskingsprosjekt om årsaker til sjukefråvær

Trass i god folkehelse i Noreg er sjukefråværet og talet på uføretrygda svært høgt. Årsakene til sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet må derfor søkjast blant fleire faktorar enn i sjukdomsdiagnosar. Forskarar innan medisin, psykologi, sosiologi og økonomi skal saman studera desse fenomena gjennom eit treårig NFR-prosjekt som starta hausten 2008. Professor Kjell Vaage ved Institutt for økonomi er prosjektleiar.

Hovedinnhold

Prosjektet "Health, work and society - multi-disciplinary studies of determinants of sickness absence and disablity" har som siktemål å skapa ei heilheitleg forståing av det helserelaterte fråværet. Prosjektet tar i bruk registerdata for heile befolkninga med sosioøkonomiske og demografiske kjenneteikn, og supplerer denne informasjonen med opplysningar om blant anna folks helse, fastlege, arbeidsplass og nabolag. Ut frå dette vil ein for det første sjå nærare på i kva grad sosiale normer og haldningar på arbeidsplassen spelar inn i høve til sjukefråvær. For det andre er fastlegen si rolle i sjukmeldingsprosessen eit av fire tema i prosjektet. I eit tredje forskingstema blir administrative registerdata kombinert med data frå store, populasjonsbaserte folkehelseundersøkingar, som m.a. gjer det mogeleg å studera samanhengen sjukefråvær/uførhet og objektiv i forhold til subjektivt opplevd helse. Det fjerde og siste hovudtemaet tar for seg korleis sosial klasse, kjønn og etnisitet påverkar sjukefråværet.

Prosjektet er organisert i fire forskingsteam som er samansett av etablerte forskarar ved UiB og utanlandske kollegaer, pluss i alt fire PhD-stipendiatar og ein postdoc. I tillegg vil det bli lagt til rette for at masterstudentar kan knytast til prosjektet. Såleis vil prosjektet bidra til utvikling av nye forskarar til feltet frå ulike fagmiljø, og vil vera eit viktig bidrag til velferdsforsking, som er eit prioritert satsingsområde ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.


Nedanfor er link til programsidene for sjukefråværsprogrammet til Forskningrådet, samt omtale av prosjektet same stad. Den siste linken er til prosjektet si eiga heimeside.

http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Page&pagename=sykefravaer%2FHovedsidemal&cid=1226993895553

http://www.forskningsradet.no/servlet/Satellite?c=Nyhet&pagename=sykefravaer%2FHovedsidemal&cid=1226993904556&p=1226993895601

http://www.student.uib.no/~ava009/