Sjå dei svake sidene
-Å lukka augo for dei svake sidene ved dagens sjukelønsordning representerer eit trugsmål mot ordningas bærekraft, skriv professor Kjell Vaage i ein kronikk i Dagens Næringsliv.
Hovedinnhold
I kronikken som stod på trykk i Dagens Næringsliv 4/12-2009 held Kjell Vaage fram at det er ei avsporing av debatten når det vert hevda at dei sjuke vert mistenkeleggjort når ordninga i seg sjølv gir insentiv til feilrapportering. Han hevdar at problemet med dagens ordning er at den kontinuerleg set tilliten på ein prøve som vi burde vore forutan, og at det er manglande sperrer mot misbruk og overforbruk som gjer at mange endar opp som mistrudd. Han tar til orde at det lar seg gjera å oppretthalda ei sjenerøs sjukeløn samtidig som vi innfører eigenbetaling for både arbeidstakar og arbeidsgivar. Her finn du lenke til kronikken i sin heilskap.