Hjem
Institutt for økonomi
Nyhet

Fullt hus for sentralbanksjefen

Studentar og tilsette ved UiB strøymde til for å høyre sentralbanksjef Øystein Olsen snakke om framtidsutsiktene for oljesektoren og korleis det påverka norsk økonomi.

Neste
Studenter på foredrag med Øystein Olsen
Foto/ill.:
John Ivar Sunde
1/2
Sentralbanksjef Øystein Olsen
Sentralbanksjef Øystein Olsen snakka om oljen og norsk økonomi ved UiB 17. november 2015.
Foto/ill.:
John Ivar Sunde
2/2
Tilbake

Hovedinnhold

Olsen presenterte utsiktene til norsk økonomi fram mot 2018. Han la vekt på endringane i pengepolitikken som følgje av at oljenæringa er i ein større omstillingsprosess. Ifølgje Noregs Bank eigne prognoser vil styringsrenta og kronekursen framleis vere låg fram mot 2018. Olsen peikte særleg på at svakare kronekurs hadde samanheng med siste års kraftige fall i oljeprisen.

 

Robust økonomi

Samtidig meinte sentralbanksjefen at norsk økonomi er robust, og at svak kronekurs og låg rente gjer omstillinga i norsk industri lettare. Særleg gunstig er det for eksportnæringa, der ein forvetnar eit par prosent auke i vekst i løpet av dei neste seks månadane. Verre er det for oljeindustrien og tenesteytarar i næringslivet, der ein forventar ytterlegare fall i produksjonen.

 

Studentane stilte spørsmål

Det var omtrent fullt i auditoriet av studentar, vitskapleg tilsette og gjestar i auditoriet på Studentsenteret. Fleire studentar stilte spørsmål til sentralbanksjefen, mellom anna om USA burde sette opp styringsrenta, og om Noregs Bank burde ha ei betre styring av oljeinvesteringane for å få ei betre ressursutnytting. Sentralbanksjefen svarte at han var skeptisk til meir styring, og at det var oljeselskapa som sjølv må foreta vurderingar kring lønnsemd og investeringar i oljesektoren. På spørsmål om USA si styringsrente var Olsen meir ordknapp.

- Å seie at eg ikkje har noko formeiningar om det ville vore feil, men det er ikkje rett av meg å gå ut med mine synspunkt om det, svarte Olsen, som var imponert over spørsmåla frå studentane.