Ueinige om den nye daglegvareportalen
Ein ny daglegvareportal vil styrke konkurransen mellom kjedene og føre til lågare pris for forbrukarane meiner Forbrukerrådet og Rema 1000. Professor Tommy Staahl Gabrielsen er heilt ueinig og meiner portalen i verste fall vil føre til dyrare matvarer.
![Deltakarar seminar om prisportal](https://www.uib.no/sites/w3.uib.no/files/styles/content_main/public/media/prisportal.jpg?itok=MwxEm2Rj×tamp=1579193000)
Hovedinnhold
Senter for konkurransepolitikk (BECCLE) tok fredag 20. november initiativ til eit seminar om den nye daglegvareportalen som Stortinget har bestilt. Forbrukerrådet, Virke, Rema1000 og medlemmar av BECCLE var representert for å leggje fram sitt syn på den nye portalen.
- Sjå opptak frå debatten.
Positive til portalen
Professor Tommy Staal Gabrielsen ( BECCLE / Institutt for økonomi) er skeptisk til den nye portalen, og meiner at det er fare for at portalen vil føre til priskoordinering mellom kjedene og såleis mindre konkurranse. Forbrukerrådet og Rema 1000 er positive til den nye portalen, og meiner den vil føre til auka konkurranse i marknaden.
Seminaret var strømma frå BECCLE sine nettsider, og Gabrielsen meiner det var ein god diskusjon.
– Eg trur vi gjennom diskusjonen fekk klart fram skiljelinene mellom innleiarane. Håpet er sjølvsagt at Forbrukerrådet tek innover seg kritikken som har kome mot prisinformasjon i sanntid. Eg trur det går an å gjere dette på ein måte som er bra nok for norske forbrukarar utan at kjedene kan nytte dette som eit verkty for priskoordinering, seier Gabrielsen.
Kontroversiell portal
Bakgrunnen for seminaret er at Stortinget har bedt regjeringa seinast i løpet av 2016 etablere ein gratis tilgjengeleg daglegvareportal der meininga er at forbrukarane skal få tilgang til detaljert informasjon om daglegvarer som vert tilbydd av dei ulike matvarekjedene. Regjeringa løyva til saman 7 millionar kroner for 2015 og 2016 til Forbrukerrådet sitt arbeid med å etablere portalen. Informasjon som skal ligge tilgjengeleg i portalen er omfattande. Den mest kontroversielle sida med portalen er at den skal innehalde detaljert informasjon om produktpriser i sann tid, men òg andre sider er omstridt.