Staahl Gabrielsen skal leie ekspertutval om delingsøkonomi
I statsråd fredag 4. mars sat regjeringa ned eit ekspertutval som skal utgreie moglegheiter og utfordringar av den nye delingsøkonomien. Professor Tommy Staahl Gabrielsen ved Institutt for økonomi (UiB) skal leie utvalet.
Hovedinnhold
Framveksten av ny teknologi, som internett og smarttelefonar, har gjort det enklare for privatpersonar og bedrifter å bruke eigne ressursar som inntektskjelde. Slik har konsept som AirBnB oppstått, der privatpersonar leiger ut rom dei ikkje nyttar. No skal eit regjeringsoppnevnt ekspertutval sjå på moglegheitene og utfordringane som ligg framveksten av den nye delingsøkonomien. Professor Tommy Staahl Gabrielsen er oppnevnt som leiar for utvalet, og meiner utvalet har fått eit viktig mandat:
– Eg synes dette er spanande, og mandatet trekk opp potensielt viktige problemstillingar for norsk økonomi. Eg gler meg difor til å ta fatt på arbeidet i utvalet. Vi har relativt kort tid på oss, men utvalet har brei og sterk kompetanse, så eg trur dette skal bli bra, seier Staahl Gabrielsen.
Utvalet skal mellom anna identifisere reguleringar som vert påverka av delingsøkonomien. Ei anna problemstilling er om reguleringar bør justerast for å oppnå større grad av symmetri mellom delingsøkonomi, og vurdere om det eksisterar reguleringar som enkelte aktørar bør unntas frå.
– Det er viktig at vi tek omsyn til korleis den nye økonomien påverkar konkurransen i marknaden, seier Gabrielsen, som er leiar for Bergen senter for konkurransepolitikk (BECCLE).
Utvalet skal levere si innstilling innan 1. februar 2017.