Fagdidaktikk i psykologi - andre semester
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- DIDAPSYK2
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Andre semester av fagdidaktikk i psykologi (DIDAPSYK2, 7,5 studiepoeng) bygger på første semester (DIDAPSYK1, 7,5 studiepoeng). DIDAPSYK2 gir ei djupare forståing av psykologifaget i skolen og undervisning i dette faget.
Dette emnet vektlegg tre hovudtema: 1. Vurdering av elevanes kompetanse i psykologi, inkludert formativ og summativ vurdering, 2. læringsmiljø, inkludert klasseleiing, motivasjon og kommunikasjon med elevane, og 3. tilrettelegging av psykologiundervisninga som tar omsyn til samanhengen mellom fagkunnskap, undervisning og vurdering av elevane.
DIDAPSYK2 skal forberede studentane til å gjennomføre psykologiundervisning i samsvar med kompetansemåla i den generelle delen av læreplanen og i programfaga Psykologi 1 og Psykologi 2. Emnet skal vidareutvikle studentanes kompetanse til å undervise i psykologifaget. Studentane skal vidareutvikle sin refleksjon rundt si eiga rolle som psykologilærar. Studentane skal også dokumentere og kunne justere eigen undervisning og vurdering av elevane si læring i psykologifaget.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert som kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- Har brei kunnskap om faglege og fagdidaktiske problemstillingar og forsking som er relevant for psykologi som undervisningsfag
- Har kunnskap om vurderingsformer som fremmer elevanes læring (formativ vurdering) og måler kompetansen deira (summativ vurdering)
- Har kunnskap om korleis det er mogleg å fremme eit godt læringsmiljø i klassen
- Har kunnskap om samanhengen mellom fag, undervisning og vurdering av elevane
Ferdigheiter:
Studenten
- Kan reflektere over den faglege og fagdidaktiske utøvinga av eigen lærarpraksis og justere denne
- Kan gjennomføre vurderingsformer som fremmer elevanes læring (formativ vurdering) og måler kompetansen deira (summativ vurdering)
- Kan beskrive kjenneteikn på kompetanse i psykologifaget, vurdere og dokumentere elevar si læring, og gje læringsfremmande tilbake- og framovermeldingar
- Kan bidra til at elevane reflekterer over eiga læring og eiga fagleg utvikling i psykologi
- Kan fremme eit godt læringsmiljø gjennom god klasseromleiing og kommunikasjon med elevane slik at dei blir motivert for innsats og læring
- Kan iverksette vurderingsformer som er i samsvar med fagleg innhald og elevanes læringsaktiviteter
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan vurdere og drøfte psykologifaget si stilling i skolen i forhold til andre fag, opplæringslova sine mål og utdanningspolitiske ideologiar
- Kan vurdere og forbetre sin egen undervisningspraksis og praksis for vurdering av elevane
- Kan reflektere over si eiga rolle som lærar
- Kan drøfte forholdet mellom fagkunnskap, undervisning og vurdering av elevane
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Delta på undervisning (minimum 80% oppmøte).
Skrive to korte refleksjonsnotat om erfaring frå eigen praksis med psykologiundervisning. Studenten legg fram refleksjonsnotatet i undervisninga, og dette dannar utgangspunkt for diskusjon.
Forberede to undervisningsopplegg som vil bli lagt fram i undervisninga.
Gi munnleg tilbakemelding på undervisningsopplegget til medstudentar