Medisinsk fredsarbeid

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei innføring i samanhengen mellom helse og krig og ulike former for vald, underliggande årsaker til valdeleg konflikt, menneskerettar og internasjonal humanitær lov, flyktning- og migrasjonsutfordringar.

Emnet skal formidle forståing for at vald er eit samfunnsmedisinsk problem og korleis helsepersonell kan ta del i valdsførebygging, rehabilitering og forsoning

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten kan

  • Diskutere ulike definisjonar av omgrepa vald, konflikt og fred
  • Skildre typiske underliggande valdelege konfliktar og korleis valdeleg konflikt og fred er relatert til helse
  • Skildre typar medisinsk fredsarbeid som helsearbeidarar kan delta i globalt og lokalt
  • Skildre dei grunnleggande prinsippa for internasjonal humanitær lov, menneskerettar og dei etiske kodeksane for helseprofesjonane.
  • Planlegge helsetenester for flyktningar og foreslå korleis helsearbeidarar kan dokumentere og førebygge utbreiinga av og lindre konsekvensane av menneskerettsbrot og tortur.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • Evaluere og respondere på ulike former for vald i helsetenesta

Vurdere og respondere på teikn på familievald eller tortur i klinisk praksis

Generell kompetanse

Studenten kan

  • Kjenne igjen situasjonar der det er risiko for å bryte helserelaterte menneskerettar
  • Reflektere over ansvaret til helsearbeidarar til å fremje og forsvare retten til helse og til å førebyggje vald

Studienivå (studiesyklus)

3-6. studieår medisin

Undervisningssemester

Vår.
Krav til forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar
Krav til studierett
Medisinstudiet
Arbeids- og undervisningsformer

Emnet inkluderer fire nettbaserte kurs (2 vanlege nettkurs på medicalpeacework.org og 2 MOOCar* på futurelearn.com), alle gratis tilgjengelege. Arbeidsmengda for dei ulike kursa er omtrentleg slik:

  • MPW Course 1: Health workers, conflict and peace: 12 t
  • MPW Course 4: Structural violence & root causes of violent conflict: 18 t
  • MOOC Global Health, Conflict and Violence: 15 t
  • MOOC Addressing Violence Through Patient Care: 15 t

Det er nettbaserte diskusjonar i MOOCane.

*MOOC=Massive Open Online Course

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Dei to kursa på medicalpeacework.org inneheld testar med fleirvalsoppgåver. For å få å godkjent desse kursa må ein få minst 80% på testane i kvart kapittel av kursa. Kursbevis må bli lasta opp på MittUiB.
  • Studentane må skrive kommentararar i alle diskusjonsstega i MOOCane
Vurderingsformer
Fleirvalstestar i nettkursa
Karakterskala
Bestått / ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Evaluering etter første gjennomføring, deretter kvart tredje år.