Samfunnsfarmasi I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM103
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gje ei innføring i farmasien si historie, farmasi som profesjon og farmasøy-tar si utdanning og rolle i helsetenesta. Emnet vil også ta opp sentrale aspekt ved lov-verk, etikk og kommunikasjon. Emnet skal gje basiskunnskap om legemiddel med meir (framstilling, bruk, overvaking) og om helsetenesta og legemiddelfeltet, inkludert apo-teksektoren.
Emnet skal gje innsikt i helse- og sjukdomsomgrep og sosial ulikskap i helse, i tillegg til innsikt i globale helseutfordringar og farmasien si rolle i desse.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studenten:
- Kan skildra dei viktigaste aktørane innan legemiddelfeltet og deira ansvarsområde
- Kan skildra apoteket sine arbeidsoppgåver, arbeidsflyt og finansieringsmodell
- Kjenner til sentrale trekk i farmasien si historie og kan reflektere over profesjonen si stilling i samfunnet no og i framtida i lys av den historiske utviklinga
- Kan forklare korleis farmasøytisk kunnskap kan ha implikasjonar for samfunnet og korleis samfunnsstrukturar påverkar legemiddelbruk på individ- og samfunnsnivå
- Har kunnskap om helse- og velferdssystemet og kan skildre korleis sosial ulikskap nasjonalt og globalt påverkar helse
- Har kunnskap om det menneskelege livsløp, medrekna barn og unge, og faktorar som bidrar til god helse og eigenomsorg
- Har grunnleggande kunnskap om helsekompetanse og betydninga den har for ulike pasient- og brukargrupper
- Har kjennskap til utvikling og klinisk utprøving av nye legemiddel samt dokumentasjon i forbindelse med søknad om marknadsføringsløyve
- Kjenner til grunnleggande helseøkonomiske prinsipp og deira innverknad på legemiddelbruk
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan nytte basalt farmasøytisk og medisinsk fagspråk korrekt
- Kan kommunisere respektfullt, klart og tydeleg, skriftleg og munnleg, med medstudentar, helsepersonell og legemiddelbrukarar
- Kan finne fram i og nytte relevant lovverk, retningslinjer og rettleiarar til å finne svar på enkle, apotekrelaterte problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan identifisere og analysere etiske dilemma og grunngje etiske val
- Kan identifisere seg med den farmasøytiske profesjonen og det farmasøytiske miljøet, og bidra til utvikling av eige fag og profesjon
- Kan nytte, halde ved like og tileigne seg ny kunnskap, og nytte studieteknikkar som fremmar evne til refleksjon om eiga læring og utøving av fagleg verksemd
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på all undervisning; Førelesningar, TBL, gruppearbeid (Maksimalt 20 % fråvær).
Obligatorisk utplassering i apotek
Obligatoriske sjølvstendige oppgåver
Obligatoriske gruppeoppgåver
Vurderingsformer
Godkjente obligatoriske oppgåver. Mappeinnlevering.
Mappa skal innehalde:
- Alle skriftlege innleveringar gjennom hausten; individuelle og gruppeoppgåver
- Refleksjonsnotat etter hospitering i apotek
- Refleksjonsnotat etter gjennomført undervisning
Alt dette inngår i vurderingsgrunnlaget.
Art og omfang av innleveringane vil det bli informert om i undervisninga. Prosess og progresjon vil i hovudsak bli vurdert i TBL - ikkje i mappa. Arbeida går inn i mappa i den rekkjefølgja dei vert produsert. Mappa skal leverast samla som ei PDF-fil med framside med minimum navn, studentnummer og kull.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Institutt
Institutt for Global helse og samfunnsmedisin